Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 5, 2008

Sjikane og fordomsfylket

No laurdag kunne vi lese i Firda at tre ekskluderte Senterparti-politikarar i Fjaler mottar anonyme truslar, oppringingar, sjikane og blir kalla for fascistar. Her før jul var det Klara Øberg som fekk gjennomgå med truslar og sjikane. Etter lokalvalet vart Håkon Myrvang utsett for rykteflaum frå folk som ikkje ville ha han som ordførar i Naustdal. Er sjikane blitt ein ny trend i Sogn og Fjordane? Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Kva slags jungellover og cowboy-retorikk er det som råder grunnen? Sjikane er ein lett metode å gripe til for folk som ikkje er kunnskapsrike nok til å debattere på saklege premissar, eller folk som er for feige til å stå fram med eigne meiningar. Kunnskap og posisjonar er makt. Ein del folk sit nødvendigvis på meir kompetanse og fleire verv enn andre. Vi treng desse folka. Vi treng folk som tar ansvar og politiske verv for felles beste. Det er dei som driv verda framover. Og skal verda gå framover, må desse folka få spelerom. Det er så sjølvsagt at