Gå til hovedinnhold

Sjikane og fordomsfylket

No laurdag kunne vi lese i Firda at tre ekskluderte Senterparti-politikarar i Fjaler mottar anonyme truslar, oppringingar, sjikane og blir kalla for fascistar. Her før jul var det Klara Øberg som fekk gjennomgå med truslar og sjikane. Etter lokalvalet vart Håkon Myrvang utsett for rykteflaum frå folk som ikkje ville ha han som ordførar i Naustdal.

Er sjikane blitt ein ny trend i Sogn og Fjordane?
Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Kva slags jungellover og cowboy-retorikk er det som råder grunnen? Sjikane er ein lett metode å gripe til for folk som ikkje er kunnskapsrike nok til å debattere på saklege premissar, eller folk som er for feige til å stå fram med eigne meiningar.
Kunnskap og posisjonar er makt.


Ein del folk sit nødvendigvis på meir kompetanse og fleire verv enn andre. Vi treng desse folka. Vi treng folk som tar ansvar og politiske verv for felles beste. Det er dei som driv verda framover. Og skal verda gå framover, må desse folka få spelerom. Det er så sjølvsagt at ein burde ikkje trenge sei det, men dessverre sit det ein del gubbar og kjerringar å gnålar på tuene sine medan dei ringer inn sjikanar. Desse anonyme feigingane bidrar til å gi fylket eit dårleg omdøme, og dei bidreg til å trekkje verda bakover.


Ytringane eg ramsa opp innleiingsvis gir inntrykket av at takhøgda i Sogn og Fjordane er omtrent like høg som i ein boks for makrell i tomat. Kanskje vi kan kalle fylket for Sjikane og Fordomsfylket.
For dei som sjikanerer set sitt merke på merkevara Sogn og Fjordane. Er her ein kultur som gir aksept for slike ytringar sidan det faktisk verkar å vere såpass utbreidd? I fylket bur det jo ikkje meir enn knapt 100 000 menneske.

Dette innlegget stod på trykk i Firda mandag 5.februar 2008, og blei posta på Firda-bloggen dagen før. Det ligg på Fjordaglimt. Her stiller også Firda spørsmål til panelet av bloggarar: Kvar har respekt og folkeskikk blitt av?

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...