Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2011

Storsnuten Terje Lyngstad og kjekkasen Viken uttaler seg frekt i media

om Bygda og sånne ting. Les den sprelske saka hos studentavisa Studvest. der Lyngstad snakker om bygdedyret, Viken seier at Viken liker betre teater enn bygderevy, og syns at Lyngstad har heilt rett når han snakker om at han ønsker seg eit anna publikum, eller noko, til teateret i fylket Sogn og Fjordane. Firda gir alltid god kritikk til bygderevyane. Fordi det er bra, eller? Og om dei får kritisk omtale klager revyane fordi "det er dugnad og det er da bra i seg sjølv". Er det sant, eller ikkje? Og bør det da omtales, om ein ikkje kan sei det ein meiner om disse tidvis flaue revyane uten å få smekk på flanken? Er lokalmedia støtteapparatet til revyane kanskje? Nei. Annonseplass koster for alle. Og kvifor vart det hissig stemning mot Lyngstad da han snakka om teaterets låge status på bygda? Følte folk seg mobba da og nedpåsett? Skjønar ikkje det. Folk må da tåle litt sanning utan å få mindreverdkompleks? Han har da rett? Tid for litt brenn bunadane, og feleslakt. På med li

Uganda: kyr på vei frå marknadsplassen til slaktehuset i Kampala

Venter på å bli slakta. 

Ari Behns bok Vivian Seving etc - hard kost for kongeriket Norge

Eg har gitt meg i kast med Ari Behn. Etter å for mange år sidan ha lese Bakgård og syntes den var alright, samma med Trist som faen, var det tid for å prøve seg på sist utgitte. Behn har ein fortellerstil som er ganske spesiell. I starten tar ein seg i å tenke at "dette er vel sært". Veldig sært. Men så, etterkvart, når biter av storien porsjoneres ut, og ein får stadig større innsikt i hovedpersonen: den kjønnsopererte prinsessa av Freiburg, hetrofilt gift med prins Franz som tidlegare var kjæreste med Tysklands desiderte kjendisblogger, ein skinhead frå Berlin, så lar ein seg litt fascinere av at Behn gir ut ei så speisa bok i lille kongerike Norge. For dette er ikkje heilt dagleg kost, meg bekjent. Undertittelen er: «Sladder, forskyvninger og andre overdrivelser om en prinsesse og hennes samtid - en satirisk skisse». Vanlegvis er eg superskeptisk til ny litteratur av folk på min alder eller yngre eldre. Monsterskeptisk. Og dønn konservativ, antageleg. Liker best histo

Vanvittig omtale av Det glade vanvidd.

"Da jeg ble hodejeger, satt ofte kvinnelige direktører på kontoret mitt og sa at de var på feil hylle i livet. De misfornøyde karrierekvinnene kunne deles i to grupper. Det var de som egentlig ville jobbe med bistand eller noe annet humanitært, (...) og så var det de som ville jobbe med noe kreativt. " skriv Elin Ørjasæter i den nye boka si Det glade vanvidd som kom ut i mars. Eg har lese den, tenkt litt og prøver her å skrive noko smart etter at ein haug med andre bloggarar av store kaliber, blant anna Vox populi , har sagt sitt, så vi sparker i gang ein forvirra bloggpost om Ørjasæters bok. Det glade vanvidd er spekka med påståelige sanningar, humor og glimt frå eit liv i femte gir, eventuelt i fri utan bremer på. Slikt kan vi like. Like langt betre enn forkvakla indremisjonsnaboar som blir rysta over at du abonnerer på Klassekampen. Desse same naboane ville nok miste både vit og forstand om dei las Ørjasæters bok. Eventuelt ikkje. Ørjasæter prater litt til alle leira

Innlegg om mat på Bonde- og småbrukarlaget sitt 8.mars -møte 2011

 Foredrag frå 8.mars-møtet til Norges Bonde og småbrukarlag i Oslo: Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder: Frå Beite til bur. Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge. I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i Norge. I 2009 produserte vi i følge tal frå Statens landbruksforvaltning i underkant av seksti millionar. Produksjonen er aukande. Produksjonen av kal

Den nye pelsdyrforskrifta bygger på prinsippet "see no evil"

Eg har gått gjennom forskrifta. Den ligg her og brukar aldri ordet "atferd". Kanskje fordi det er umulig å ivareta pelsdyrs atferd under forholda forskrifta skisserer. Les den her. Det einaste ein har lagt vekt på er observasjon av unormal atferd i paragraf 16: "Syke og skadde dyr og dyr som viser unormal atferd, skal også ha hyppigere tilsyn."   Men der finst vel knapt anna enn unormal atferd i pelsdyrhald. Her står ingenting om at ein skal ivareta dyras naturlege atferd, berre eteatferd i paragraf 17: "Det skal tas hensyn til pelsdyrenes artstypiske eteatferd." Og sidan eg tilfeldigvis har jobba på pelsdyrfarm, veit eg korleis dette blir gjort. Naturleg eteatferd i pelsdyrfarmar, er å fore dyra på nettingetebrett eller oppå buret. Naturleg, anyone?   Blant anna blir det påpeikt at det er ulovleg å stille ut levande pelsdyr, på same tid som at pelsnæringa seier at pelsdyr er like tamme og sosialiserte som andre husdyr. Men kvifor får ein då ikkje stil

Bruk av humbugmedisin i økologisk landbruk: ein trussel mot dyrevelferden

Interessant artikkel om faren ved å velge alternativ, udokumentert behandling ved sjukdom hos menneske. – Jeg har selv hatt tre kreftpasienter som har dødd av det vi kaller ubehandlet sykdom. Alle var intelligente og kunnskapsrike mennesker, men de valgte å tro på alternative behandlingsformer fremfor helsevesenets tilbud, forteller lege Terje Risberg. Les. Foreldre som forgiftar ungar med naturpreparat. Dette ser ein også på dyr. Alternativ behandling og alternative såkalte naturlige behandlingsformer som endar opp i hestar med alvorleg sinkforgiftning, hestar utan høver og dyr utan behandling. Såkalt ubehandla sjukdom. Likevel anbefaler Debio alternativmedisin som førstevalg ved behandling av økologiske dyr. Useriøst eller useriøst? Reglane finn ein blant anna i veileder B, Utfyllende informasjon om økologisk landbruksproduksjon i . Under punkt 4.7. Sykdomsforebygging og veterinærbehandling , kan ein lese om dyrehelsetiltak. «Naturlige terapeutiske midler og metoder bø

Ideologi og økologiske kyr.

Spørsmål: kvifor er det ein del veterinærar som konsekvent ikkje et økologisk mat? Tenk på det når de les denne teksten. a) fjern doble karantenetider ved medisinsk behandling av landbruksdyr Alle dialogar og settingar er omskrivne til det ugjenkjennelege, men innhaldet er korrekt. Eg står i fjøset til ein større svensk økobonde, eller Krav-bonde som det heiter i Sverige. Krav er det svenske motsvaret til norske Debio. Eit sertifiseringsorgan for økologiske landbruksprodukt. Vi går gjennom fjøsen. Dette er ingen småskala idyllisk økogard. Dette er ein storskala industriell melkegard, men trass industri. Alle kyrne er på beite, alle kalvar ligg på halm. Det er ein veldriven gard på alle måtar. Berre synd den må forhalde seg til eit forkrøpla Krav-regelverk som i stor grad bygger på ideologi heller enn på kunnskap om dyrevelferd. Idag har bonden fleire kalvar som er sjuke. Dyra går på beite, har vore dårlege i fleire dagar og ein mistenker no at dei lir av parasittangrep. No står

Ulovleg bruk av fotos på nettet kan gi ekstra inntekter

Økonomitips: fakturer feitt for illegal bruk av fotos. Observerte for eit par år sidan med interesse at avisa Firda hadde ulovleg publisert ein haug av mine fotos. Det er amatøraktig, sjølvsagt ikkje uventa frå Firda si side, men på den andre sida casha eg inn ein del gryn på det. Sende ut ei fin faktura. Hadde også ein gong før sagt frå til dei om ulovleg fotobruk, men det vart ikkje forstått, og dermed gjentatt. Dei skjønte ikkje eingong problemet. Deira sak. Deira penger, no mine penger. Så om nokon stjel bilda dine, send ei feit faktura. Du kan ta tredobbel pris av frilansprisen, utan å blunke. Det er dagens økonomitips. Og det kan vere ganske grei fortjeneste på slikt. Uheldigvis/ heldigvis er dei fleste medier for proffe til å gi deg sjansen til å tjene desse ekstra gryna.

Hahahaha!! Are Kalvø om nynorske naturmenneske

Du framstår som klokare og meir interessant om du snakkar nynorsk. Nynorskfolk kan sleppe unna med å halde kjeft og gjere ingenting: då er dei tause og interessante. Om Clint Eastwood hadde vore nordmann, hadde han vore leiar for mållaget i Telemark!!

Kvitt kjøt frå dyr som et kun kraftfôr, er farleg for helsa di.

Per idag får lam og sau 90 prosent grovfôr (gras), og 10 prosent kraftfôr.  Storfe får femti prosent grovfôr og kylling og gris får hundre prosent kraftfôr! Hundre prosent!!! Eg heldt eit innlegg på Bonde- og småbrukarlaget sitt møte om kvinner for rein mat 8.mars i Oslo, og her i bloggposten refererer eg til nokre av dei andre foredragshaldarane. Kosthaldsråd. Ein blir anbefalt kvitt kjøt, men kvitt kjøt er basert på kraftfor. Og kjøt produsert på kraftfor er langt farlegare for helsa di enn kjøt produsert på gras (sau, geit, ein del storfe). Kjøt frå kylling og gris inneheld for mykje arakidonsyre, og for lite Selen, ifølge Anna Haug, ernæringsfysiolog og førsteamuniensis ved UMB. Ho heldt eit innlegg om kvitt og raudt kjøt. Eg skal kome tilbake til dei helsemessige konsekvensane av dette. Les min kronikk Frå beite til bur" om korleis stadig større andelar av norsk kjøtproduksjon vert produsert av kraftfor og dyr i bur. Helsedirektoratet anbefaler maks 500 g raudt kj

Kvinner for norsk mat – sunn produksjon og ernæring

8.mars Miljøhuset, Grensen 9b, Oslo klokka 12-15 Program: 12.00 – 12.05: Velkomst! Bakgrunn for arrangementet 12.05 – 12.30: Kvinner i landbruket og produksjonsmåte v/ leder i NBS Merete Furuberg 12.30 - 13.00: Rødt og hvitt kjøtt: Betyr det forskjell for vår helse v/ ernæringsfysiolog professor dr. philos Anna Haug, Universitetet for miljø- og biovitenskap 13.00 – 13.20: Fra beite til bur – også fra et etisk perspektiv v/ veterinær Anne Viken 13.20 - 13.30: Benstrekk Kaffe/te 13.30 – 14.00: Sunn matglede v/ leder i Norges Bygdekvinnelag Kathrine Kleveland 14.00 - 14.30: Kvinner, idrett og mat v/ professor Jorunn Sundgot-Borgen, Norges Idrettshøgskole 14.30 – 15.00: Oppsummering. Hva er European Forum for Food Sovereignity? Hvorfor utforme Plattform for matsikkerhet og matsuverenitet? v/ Ingeborg Tangeraas Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) inviterer til markering av Kvinnedagen og til tiltak for kommende oppfølging for både kvinner og menn. Arrangementet se

Den mørke materien

Visste du at der finst millionar av parallelle verdener? At nokre menneske har sjela si i ein dyrekropp utanfor seg sjølv, og at der bur panserbjørnar på Svalbard? Den mørke materien er Philip Pullman sin fantastiske triologi om Lyra frå Oxford som legg ut på ei ferd via gøynerane i London til panserbjørnane på Svalbard, over ei bru over i ei anna verd. Der finst millionar og milliardar av ulike verder der ute. Dei eksisterer parallellt med kvarandre, mange har til og med same landskap og stadnamn, om du kiker inn gjennom eit vindauge som heng i lause lufta kan du sjå bakkar, strender eller ville dyr med blå pels på ryggen i desse parallelle verdene, men dei ulike verdene kan og vere svært ulike. I nokre av dei har menneska sjela si på innsida av kroppen, slik som vi. I andre, som i Lyra si verd, har menneska sjela si i ein daimon: eit dyr som alltid går ved sida di og som du aldri kan vere langt borte frå. Og alle jaktar dei på mørk materie. Det heile kan tidvis minne om DaVinci

Er det greit at maten skal vere produsert på ein slik måte at vi ikkje hadde orka ete den om vi fekk sjå produksjonsmåtane?