Gå til hovedinnhold

Den nye pelsdyrforskrifta bygger på prinsippet "see no evil"

Eg har gått gjennom forskrifta. Den ligg her og brukar aldri ordet "atferd". Kanskje fordi det er umulig å ivareta pelsdyrs atferd under forholda forskrifta skisserer. Les den her. Det einaste ein har lagt vekt på er observasjon av unormal atferd i paragraf 16: "Syke og skadde dyr og dyr som viser unormal atferd, skal også ha hyppigere tilsyn."
 
Men der finst vel knapt anna enn unormal atferd i pelsdyrhald. Her står ingenting om at ein skal ivareta dyras naturlege atferd, berre eteatferd i paragraf 17: "Det skal tas hensyn til pelsdyrenes artstypiske eteatferd." Og sidan eg tilfeldigvis har jobba på pelsdyrfarm, veit eg korleis dette blir gjort. Naturleg eteatferd i pelsdyrfarmar, er å fore dyra på nettingetebrett eller oppå buret. Naturleg, anyone?
 
Blant anna blir det påpeikt at det er ulovleg å stille ut levande pelsdyr, på same tid som at pelsnæringa seier at pelsdyr er like tamme og sosialiserte som andre husdyr. Men kvifor får ein då ikkje stille dei ut? Vi har hesteutstillingar, utstillingar av kyr, sauer, griser og høner. Men altså ikkje pels.

§ 9. Forbud mot livdyrutstillinger



Det er forbudt å arrangere aktiviteter der levende pelsdyr vises frem, og som for dyrene innebærer transport til og fremvisning i fysisk immobilisert tilstand i et fremmed miljø.Det er også forbudt å la pelsdyr delta i slike aktiviteter.

Det enkle svaret er at pelsdyr er ikkje godt nok tamme til at dei tåler den same omgangen med folk som det andre dyr gjer.

Ein testar dyra for tillitsfullheit, men ein testar dei ikkje for arealbehov. Sjølvsagt. Dei lever jo som villdyr i bur.

Ein vektlegg kompetanse, men kva med haldningar? Haldningar er alfa og omega.

Ironisk nok slår forskrifta fast at den skal fremme god velferd og respekt for pelsdyr, på same tid som det er lov å gi dyra tilgang til vatn kun to gonger per døgn. Ein snakkar om  at "underlaget skal vere egnet for dyrene til å bevege seg på ut fra art, alder, størrelse og vekt" (paragraf 11), medan underlaget er netting.

"Oppholdsenheten skal til enhver tid være beriket med egnede aktivitetsobjekter og eventuelt innretninger som stimulerer dyrene til lek" (paragraf 11). Men kvifor får då ein pelsdyrbonde to år på seg for å fikse eit klatrebur for mink? (Veterinærtidsskriftet 1/2011) .

Ein del av punkta i forskrifta er regelrett komiske. Feks paragraf 21 der det står at "alle dyr skal gis adgang til ønsket sosial kontakt med andre dyr i anlegget". Eller paragraf 25: "Mink skal ha adgang til så stor del som mulig av anleggets oppholdsareal gjennom hele året", medan det i paragraf 25a blir fastslått at arealet er 0,27 kvadratmeter per dyr. Dette har ingenting med dyrevelferd og ivaretakelse av pelsdyr å gjere. Her står da heller ikkje ein einaste gong ordet "adferd" nevnt. Det blir vel ikkje tatt hensyn til uansett.

Forskrifta kommentert med penn: pdf 1, pdf 2, pdf 3, pdf 4, pdf 5.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...