Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 4, 2009

Misdanna kosedyr

På dyreklinikken er det eks antall små mopsehunder som kjem inn. Ein mops er ein slik hund som du kan høyre på lang avstand fordi den lager sånne rare snorkepustelyder. Det første ein får vite er at ein ikkje må ta dei for hardt i nakken. Då sprett nemlig auga ut, om ein er uheldig. Eg veit jo at slike rasar er misdanna på grunn av avlen, men det er noko anna å sjå det live. Når ein kvar dag ser den eine hunden etter den andre med for små augelok, innrulla augelok (slik at håra irriterer auget og gir betennelse), og store pigmentstriper tvers over auget på grunn av at hunden søv med opne auge (augeloka er for små), og eigaren faktisk ikkje vil få operert hundens auge (sy litt medialt og lateralt slik at augeloket blir betre tilpassa), så er det ganske tja, ja, spesielt. Det som skjer om ein ikkje syr inn auget litt, er at hunden utviklar betennelse i auget, tvers over, som ei horisontal stripe der augeloket ikkje dekker auget. Her blir det pigmentering, noko som i sin tur fører til at