Gå til hovedinnhold

Misdanna kosedyr

På dyreklinikken er det eks antall små mopsehunder som kjem inn. Ein mops er ein slik hund som du kan høyre på lang avstand fordi den lager sånne rare snorkepustelyder. Det første ein får vite er at ein ikkje må ta dei for hardt i nakken. Då sprett nemlig auga ut, om ein er uheldig.

Eg veit jo at slike rasar er misdanna på grunn av avlen, men det er noko anna å sjå det live. Når ein kvar dag ser den eine hunden etter den andre med for små augelok, innrulla augelok (slik at håra irriterer auget og gir betennelse), og store pigmentstriper tvers over auget på grunn av at hunden søv med opne auge (augeloka er for små), og eigaren faktisk ikkje vil få operert hundens auge (sy litt medialt og lateralt slik at augeloket blir betre tilpassa), så er det ganske tja, ja, spesielt. Det som skjer om ein ikkje syr inn auget litt, er at hunden utviklar betennelse i auget, tvers over, som ei horisontal stripe der augeloket ikkje dekker auget. Her blir det pigmentering, noko som i sin tur fører til at hunden ser dårligare, får arrvev og ja, redusert livskvalitet. Likevel finst det eigarar som ikkje vil operere: då misser hunden som kjent raserpreget: utståande auger.

Det er altså så mange misdannelser på desse rasedyra. Veit folk kva slags dyr det er dei får i hus når dei kjøper rasehund? Er dei klar over kor mange tusen kroner, kor god forsikring, og kor mange timer dei må bruke hos veterinæren?

Ein mopsehund med slike utståande auger risikerer å få kvister inn i auget dersom den stikker inn i eit buskas. Ergo: pass på så hunden ikkje er dum nok til å gå inn i buskene, eventuelt stakkars hund som har slike ubeskytta auger.. Dessuten, desse rasane har mindre følelse i hornhinna, noko som gjer at sjølv om dei skader seg, så merker dei det ikkje like godt som hundar med mindre utståande auger.

Og så får dei glaukom, og gud veit kva. Det er beint fram ikkje måte på kor mykje mange av desse hundane må lide på grunn av at eigarane er forfengelige og brukar hunden som eit slags smykke eller som ein statusgjenstand. Tenk på det neste gong du ser ein mops.

Populære innlegg fra denne bloggen

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...