Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 14, 2010

Jävla austlendingar

Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen lördag 14.sept 2010. Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det var opprör, diktatorstyre og undergang i spaltane. Så snudde regjeringa. Hurra! Men eit spörsmål står igjen: kven skjönar seg på Vestlandet? Kven veit Vestlandets beste? Professor Iver B. Neumann snakkar om at motstanden mot utbygging finst i små sytesamfunn. Han har openbart ikkje fått med seg den massive motstanden som har vore mot dei såkalla monstermastene. Han skjönar oss ikkje. Han er for langt borte, närmare bestemt på det jävla Austlandet. Eg har sjölv ved fleire höve forsökt å forstå mitt eige fylke Sogn og Fjordane. Blant anna foreslo eg i 2007 å brenne bunader (endre fylkes image) med det resultat at fleire ikkje våga möte opp då eg skulle halde 17.mai-taler i tre sunnfjordsbygder og –byar dette året. Folk frykta for stakken. Lärdom: ikkje bruk