Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2009

Jul, puddersnø og sol i Sunnfjord

Så her kjem eg frå: Ytre Hjelmeland i Bygstad i Gaular. Her går det svært sjeldan buss, så det er berre flaks at eg fekk tatt eit bilde av denne villbussen på tur mot Dale. Kvart år les eg juleheftet Jul i Sunnfjord, og eg må sei det blir betre for kvar gong. I år var det riktig bra. Her er brua over elva inne med gamlebutikken. Du kan skimte eit nedlagt bedehus i den tette urskogen ovanfor vegen. Slik ser det nedlagde bedehuset ut frå andre kanten. Eg bur da ca ein kilometer bak ryggen på fotografen. Det gule huset er den nedlagte butikken. Eg hugsar då den vart lagt ned: eg hoppa opp på ryggen til ein ukjend mann som eg trudde var min fetter. Det var svært flaut. Her ser vi ei nedsnødd gyllevogn. Den står i veikanten og latar som ingenting. Typisk gyllevogn. Ein gong eg skrudde opp ei slik vogn bak (vogna stod i nedoverbakke), fekk eg, ja riktig: gylle midt i trynet. Livet på bygda er hardt. Her er eit busstopp. Sjeldan brukt. Her ser vi all snøen! Her er masse snø,

"The Female Brain" og "Why is sex fun?"

Radiorakel idag kl 16.00 fm 99,3: Anne og Sigrid i studio: Jared Diamond: Why is sex fun? The evolution of human sexuality. Sex = farlig: vi kan bli overfalt. Kvifor kvinner har skjult eggløysing i motsetning til ei rekke andre arter Kvifor kvinner har lyst på sex gjennom heile syklus: daddy stay home (hold han tilfreds kvar gong han har lyst, og han vil bli hos deg) Kvifor menn går på jakt: kva slags mann er best for kvinna (stabil mattilførsel frå ein sanker vs ineffektiv og usikker mattilførsel frå ein jeger). Kvifor ein mann gjer det best som show off, mens kvinna gjer det best med ein provider. Sikkerhet vs status. Kvifor damer dater bad guys. --------------------------------- "The Female Brain" av Louanne Brizendine (2007) er ei bok som skal guide deg gjennom kvinners nevropsykologi og hormonsykluser, og korleis desse gir opphav til ulike epokar i ei kvinnes liv. Samt kvifor kvinner er ulike frå menn. Ein slags bruksanvisning på kvifor vi oppfører os

Uteksaminering av nye veterinærar ved Norges Veterinærhøgskole

Hippi slår alle dei nye veterærane til gjetarar. Takk for oss, NVH. We're moving on!!

Fakta om Reir

En Reir er et pelsdekt dyr med fire bein som spriker i alle retninger når du minst venter det. En Reir er et uvurderlig middel for transport, og en lasteReir kan trekke opp mot tre personer om gangen. Om du setter to Reir foran sleden kan de trekke ni personer, og så videre. Dette betyr at tre Reir kan trekke 27 personer. For hver Reir en legger til, kan en gange antall passasjerer med tre, og dette gjør Reirene til uunnværlige hjelpere i det Høye Nord. Det er ingenting som å kjøre gjennom polarnatten med en Reir foran sleden mens nordlyset glitrere over himmelen og snøen spruter fra Reirens poter. En Reir har fire bein og dermed også fire poter. På potene har den klør, og med klørne graver den seg ned til Lav. Lav er Reirens mat. Reir får unger en gang i året. Ungene kalles Reir2 og fødes på øyer ute ved kysten. Reir2 vokser raskt og blir i løpet av ett år like store som sine foreldre. Neste år kalles ungene Reir3, neste år Reir4 og så videre opp til Reir10. Hvert tiår begynn

Slaget om Klassekampen

Avisa Klassekampen er myteomspunnen. Der eg kjem ifrå er du ganske spesiell om du har ei avis som Klassekampen i hus, og før eg kom til Oslo hadde eg vel, sant å sei, knapt hørt om Klassekampen, eller kk blant venner (og fiender). Men eg kom totalt utanfrå både akademia og media og har ingen professorar og andre elitemennesker i familien. Sant å sei er eg første generasjons høgare utdanna i min familie, ein etterkvart sjeldnare og sjeldnare sort, og har ikkje fulgt verken Rødt eller Klassekampen lenger enn sidan årtusenskiftet. Men nok om meg. Om avisa Klassekampen står det til tider slag (sjekk Journalisten ), og desse slaga går gjerne av stabelen (ser det ut for) når ein eller anna eitrande galen ML-er har sett seg lei på at tidene går framover og at ting ikkje er slik dei sjølv aller helst ville ha hatt det. Eg er av og til svært glad for at desse folka ikkje styrer blekka, all den tid vi då ville hatt ei irrelevant og rabulistisk kritisistisk og konspirasjonsorientert avis som in

Boka Eating animals påpeiker, ganske riktig, at "free range is bullshit" og at "organic means nothing"

Idag leser eg Eating animals av Jonathan Safran Foer. Dette er ein smart dyrevennlig mann: han skuar gjennom merkevaregimmicken økologisk. Som han seier, dei har det like ille som konvensjonelle dyr, men dei blir solgt i butikken med ein anna merkelapp, som ein ØKOLOGISK VITS. Eg kan torturerer kalkunen min fire timar for dagen, og den vil fortsatt vere økologisk. Free-range/ frittgåande To be considered free-range, chickens raised for meat must have "access to the outdoors", which, if you take those words literally, means nothing. (Imagine a shed containing thirty thousand chickens, with a small door at one end that opens to a five-by-five dirt patch - and the door is closed all but occasionally). (s 60, Eating animals). Dette kan vi overføre til Norge. Økovitsen er global. Organic/ økologisk What does organics signify? Not nothing, but a whole lot less than we give it credit for. (...) You can call your turkey organic and torture it daily. (s 70, Eating animals)

Alle kvinner: pass opp for symmetriske menn!!

Er du kvinne og ser etter ein fast partner? LIGG UNNA SYMMETRISKE MENN! Eventuelt play around med ein symmetrisk hottie, mens du søker etter ein skeiv partner som kan ivareta deg og dine barn på sikt. Du kan ikkje få både i pose og sekk, må vite. Symmetriske menn bedrar deg og stikker av til neste babe, mens den usymmetriske mannen, som diverre ikkje er i stand til å gi deg like gode orgasmer, blir hos deg for evig! Romantikk!! Og om du ikkje ønsker deg skakke barn: ver utro med symmetriske menn!! Sei ingenting til din skakke partner, og han vil leve lykkelig utan å vite! Han blir eit offer for evolusjonen, du blir ein vinner! DU får ein mann som tar vare på dine barn, din mann lever lykkelig og skakt uvitende om at han fosterer opp ein annan manns genetiske avkom, og den symmetriske, utro mannen som gir deg FANTASTISKE orgasmer, får spredd sine gener og skaper enda fleire symmetriske menn som kan ride rundt på damene medan dei skakke oppdreg barna deiras. GOD SJEKKING!!! The Female

Eg har oppdaga Halldór Laxness

i ei bokhylle i Berlin fant eg "Brekkukotkrønike" , og den er simpelten genial. Har aldri lese Laxness før, og det var jammen meg på tide at eg fant denne boka. Den handlar om Álfgrímur sin oppvekst hos Bjørn i Brekkukot på Island. Eg siterer oversettar Tone Myklebost: "Det er gjennom Álfgrímurs øyne vi ser verden i Brekkukotkrønike. Han ble etterlatt nyfødt og naken i fanget på det gamle paret på den lille gården Brekkukot, av en kvinne som bare var innom et par netter og fødte ham på sin vei til Amerika. Han vokser opp med bestefar og bestemor, som gjennom sin tilknytning til jord og fiske, og med sin klokskap og livsvisdom, nøysomhet og trausthet er representanter for det gamle Island." Sitat henta her. Laxness har ei fortellerstemme som er heilt genial. Det vil sei at han fortel både direkte, og naivt om verda: gjennom augene til ein liten gut, på same tid som han i teksten har eit voksent overblikk og perspektiv. Han vekslar umerkelig mellom gutens syn på v

Berliner Mauer

alle foto: A.Viken

Om å teste romanutdrag i sosiale medier

Tja, kvifor ikkje, tenkte eg og posta utdrag frå manus på Origo.no sitt forum "Oppgaven". Linken vart spreidd via Twitter, Facebook og Fjordaglimt. Link også her. Det er viktig med innspel på eit manus. Litt risikabelt sjølvsagt, men i sosiale medier når ein ut til testlesarar ein aldri hadde tatt tak i ellers, eg nyttar iallefall ikkje totalt ukjente mennesker som testlesarar på manusutdrag til vanlig. Og testutdraget/ innlegget er no lese av straks 1000. Ikkje så verst. Det er fire-fem gonger meir enn antal bøker ein gjennomsnittleg debutant i Norge sel. Sosiale medier er slettes ikkje så dumt, er det vel? Ingen manus blir til i vakuum. Iallefall ikkje mitt. Dette skal ikkje bli nok eit " kikke ut vindu og hente inspirasjon frå nærmaste betongvegg "-manus. Dette er real shit. Klipp frå Twitter: Oppgaven Forfatter poster uredigert kapittel i #Oppgaven på @ Origo_no . Les @ anneviken s voldelige bonde-beat-saga. http://bit.ly/6OZDoy

Oslo er ganske fint i grunn

Fleire bilder kan du sjå her. Alle foto: A.Viken

Naturvitarar, Vassnes og media

Media lir av omfattande mangel på kunnskapar i naturvitskap. Bjørn Vassnes gjer ikkje saka betre. Vassnes er vitenskapsskribent, men når Vassnes tek på seg å vere våpendragar for dei stakkars naturvitarar, begynner det å skurre. Desto meir skurrar det når Vassnes går i krigen tungt væpna med såre tær i tillegg til ei rekke rekke ubekrefta hypoteser. «Naturvitenskapen utdefineres av kultureliten», hevdar han i Klassekampen 18.november. Han meiner at naturvitenskapen blir utdefinert av kultureliten, kven det enn måtte vere. Eg, som naturvitar, har mange gonger lurt på kven Vassnes snakkar på vegne av. Dreg han i kampen på vegne av meg mot den Vassnes-definerte kultureliten? Ein får følelsen av at han mest av alt snakkar på vegne av seg sjølv: om korleis han føler seg utanfor og korleis han ikkje får den statusen han gjerne vil ha. Årsakene kan blant anna vere at han ofte frontar ei høgst personlig oppfatning, men som vitenskapsjournalist bør Vassnes vite at ein ikkje kan konklude

Vi er en Bunadsstat, vi med!

"Hva var poenget med å opprette Bunadsstaten? Det ble gjort av frykt, ble det ikke? Av frykt for å miste kontrollen, eller i frykt for å møte meg, Virkeligheten, men jeg er her og jeg har ikke tenkt å forlate dere." Forsamlingen ble stille. Ikke siden i prebygdsk tid hadde en lignende stillhet senket seg over en forsamling vest for Sogn. Ordføreren forsøkte seg igjen: «Det høres ut som om Bygda må vurdere sin eksistens!» sa han omsider.

Ebba Haslund, Herbjørg Wassmo og Vigdis Hjorth: sterkt om kvinner, skjebnen og livet

I mangel av sverd heiter den tredje Ebba Haslund -boka i Haslund-Gigant frå Aschehoug . Den hadde ein treig start med ein traust gammal gubbe med solstikk som låg å ulte i søvne ved ein bassengkant før han fekk fire veker fri frå jobben og plasserte seg sjølv i tre vekers frivillig eksil på hytta slik menn som er lei av kjerringa og ser tilbake på den egentlige store kjærligheten ein gong for lenge sidan, ofte gjer. For det er mange som blir snytt for den store kjærligheten i Haslunds bøker. Som Anniken i " I mangel av sverd" , kanskje også som hovedpersonen Espen Hoelfeldt. Og det er livet og døden, og alle slags skjebnar som blir innfiltra i kvarandre i Haslund sine bøker, igjen og igjen. Det minnar om Vigdis Hjorth . (Les mitt Fett -portrett med Hjorth her ). Men medan eg vil påstå Hjorths bøker, som i Hjulskift , Om bare og Tredjeperson entall , mest av alt handlar om enkeltkvinner med alle karakterar (familie, venner) svevande rundt desse kvinnene, handlar Haslunds bø