Gå til hovedinnhold

Boka Eating animals påpeiker, ganske riktig, at "free range is bullshit" og at "organic means nothing"

Idag leser eg Eating animals av Jonathan Safran Foer.

Dette er ein smart dyrevennlig mann: han skuar gjennom merkevaregimmicken økologisk. Som han seier, dei har det like ille som konvensjonelle dyr, men dei blir solgt i butikken med ein anna merkelapp, som ein ØKOLOGISK VITS. Eg kan torturerer kalkunen min fire timar for dagen, og den vil fortsatt vere økologisk.

Free-range/ frittgåande

To be considered free-range, chickens raised for meat must have "access to the outdoors", which, if you take those words literally, means nothing. (Imagine a shed containing thirty thousand chickens, with a small door at one end that opens to a five-by-five dirt patch - and the door is closed all but occasionally). (s 60, Eating animals).

Dette kan vi overføre til Norge. Økovitsen er global.

Organic/ økologisk

What does organics signify? Not nothing, but a whole lot less than we give it credit for. (...) You can call your turkey organic and torture it daily. (s 70, Eating animals)

Men lat oss kikke tilbake i tid til før eg kjøpte denne boka. Med særs stor skepsis stod eg framfor bokhylla på Kulturkaufhaus Dussmann i Berlin og kikka på ei svær grøn bok med kvite, hårete bokstavar. EATING ANIMALS. Eg veide for og imot. Gidd eg kjøpe ei bok til 16,90 Euro som handlar om å ete dyr? Og som bankers er skriven av ein eller anna dårlig opplyst veggis som skal redde verda, for nte gang. Orker eg? hmmmmmmmmmm

Ok. Eg kjøpte, betalte, tok ein pils og stakk tilbake til Kreutzberg for å kikke på dette som eg antok var antan a) eit makkverk som ville gi meg frysninger på ryggen, høg puls og hjartestans pga naiv verdsanskuelse - eg merka alt tendensar til pulsstigning då eg opna boka - (dette er riktig nok ei svært naiv bok, men på ein svært sympatisk måte), faktafeil (vanligvis er det småkk fullt i faktafeil når lekfolk skal skrive om mat og dyr) eller anklager, manglande balanse i framstillinga osv.

Men eg er positivt overraska. Men lat meg sei det med ein gong. Nivået ligg her: forfattaren bruker ein del tid på å argumentere kvifor det vil vere berekraftig om vi åt hundar heller enn å hive dei når dei dør. Hundar er energi, og energi er mat, og forfattaren skriv på fagleg så lågt nivå at det neppe er interessant for fagfolk å lese denne boka, her er nemlig ingenting nytt å spore og ingenting eg ikkje veit frå før, om ein ser bort frå nokre konkrete statistikkar om antal avliva kjæledyr i USA per år, så om du har litt greie på dyr og mat er denne boka bortkasta penger. Eventuelt ikkje. Pga det gir eit innblikk i eit hovud som seriøst prøver å gjere eit lite dypdykk i industrialisert landbruk, og som, for første gong som eg har lese, maktar å gjere det på ein slik måte at mine fordommar mot forfattaren blir gjort til skamme.

Her får vi stemmene til industribøndene, til den økologiske kalkunoppdrettaren, til dyrevernsaktivisten og til forforfattaren sjølv som innrømmer å aldri ha tatt på ei ku. Han er også redd for hund heilt til han får ein hund, og denne hunden er dødsvittig skildra. Kva finst mellom meg og hunden? Svar: Eg anar ikkje, skriv han.

Når eg har lese heile boka, skal eg komme tilbake med meir. Den anbefales for deg som vil ha eit balansert innspel, symaptisk framstilt med gode og vonde sider ved industrielt landbruk, merkevarebløffing og animal welfare:

"No one fired a pistol to mark the start of the race to the bottom. The earth just tilted and everyone slid into the hole" (s 107).

Industrielt landbruk er eit rotterace utfor det bærekraftige stupet. Det hjelper oss ikkje det spor med liksom-øko-mat og liksom-frittgåande-mat. Endelig ein veggis-freak som har skjønt det. Måtte alle andre veggiser og økofolk følge på.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys