Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 1, 2008

Debatt som samfunnsutvikling

Trykt i lørdagsutgåva Firda 1.des 2008. I mi siste Arena-spalte tenkte eg snakke litt om korleis og kvifor skape debatt, samt korleis skrive bra, fullstendig klar over at eg ruslar inn i atter eit minefelt uten fasitsvar. Meg sjølv: Eg brukar det skriflige mediet for å fremme saker på same måte som politikarar brukar politiske parti, og årsaka til at eg skriv, er ei urokkeleg tru på debatt som redskap for samfunnsutvikling og kompetanseheving. Generelt: Skal du skape debatt, treng du a) å ha eit sterkt engasjement og ei klar hensik, og b) ein penn som klarer å trigge temperaturen. Den gode pennen og debatten er med andre ord redskapar på vegen mot målet som er endring eller påvirkning av samfunnet på eit eller anna nivå. Skribentar og redaktører som ønsker å sprenge debattmuren, treng både ein spissformulert bodskap og ein god penn. I tillegg er det ein fordel om ein veit kvar triggerpunkta er, vågar å trykke til og finn eit passeleg tidspunkt. Dette er rein taktikk med tanke på me