Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 9, 2013

Kardemommeby er visstnok skadeleg for barn. Eg tek det hakket vidare og er sjølvsagt djupt sjokkert.

Vi har visst eit problem i barnelitteraturen. Det er lettare sjokkerande for ein stakkar som vaks opp på åtti og nittitalet å følge debatten om kva som er skadeleg eller ikkje for totusentalets barn. Kommentaren er trykt i Bergens Tidende 14.januar 2012 Eg melder meg herved på i debatten "Kardemommeby er skadelig for barn" og tek den eit hakk vidare sidan det trass alt er ei rekke eventyr vi etterkvart må ta “eit oppgjer med”. Eg nemner i fleng. Vi har Selma Lagerløfs fullstendig uansvarlege Nils Holgersson som sette seg på ei gås utan sikkerhetssele og flaug over halve Sverige. At han overlevde, er berre flaks, og gud forby at nokon ungar i vår generasjon skulle finne på det same.     Og kven tenker på gåsa? Kva meinte den om å bli brukt på denne måten? Å late ei einsleg gås flyge rundt på denne måten strir på alle måtar med gjess sitt flokkinstinkt. Det har antakeleg også klødd når Nils Holgersson sat på ryggen hennar. Kanskje var det tungt også. Gj