Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 5, 2009

Viktig, viktig: Ica-egg blei kylling!

Dagens mest interessante sak i norske nettmedier er denne om egget som blei til ein kylling. I denne forbindelse presenterer eg, som sjølvutnevnt tamfuglelsker, mine favoritthøneraser, svar Minorka From Anne Viken-blogg og fransk Mille fleur From Anne Viken-blogg Desse to rasane kan du ha om du vel å forlate byen for å flytte på landet, slik ein av tre Oslo-folk har lyst til. Årsaken til at du bør velge Minorka, er at dei er veldig gode til å fly, tar kjappe svinger, kan snu på ein femøring samt at dei gjerne sit på skuldra di. Mille Fleur er veldig små, får plass i ei skoeske, og kan erstatte hageblomster. Du får dermed både kjapp skulderpynt og lite hagearbeid på kjøpet om du vel å skaffe deg farm på bygda. For deg som er avansert og dedikert, anbefaler eg også påfugl . Sjølvdrivne, høglydte dyr som ikkje får plass eingong i ein skobutikk. Inch Allah

Korleis bli kjendis i ein fei: skriv barnebok! Not..

Det har no vore ein debatt i Aftenposten om barnebøker etter at Kagge forlag har spurt Kjell Magne Bondevik om å skrive ei barnebok om Aung San Suu Ky i. Forfattar Henrik Hovland meinte i same avis at dette kun var eit salgstriks frå Kagge forlag. Kagge på si side meinte at dette rett og slett var å be ein av landets mest kompetente personar på Aung San Suu Kyi om å skrive ei kvalitetsbok for barn. Same forlag gir no ut bok om Alexander Rybak og Abba, og kaller det teft. Ja, ein godt kalle det teft, men ikkje teft for god litteratur. Det er teft for salgstal og lettjente penger, noko Kagge er kjent for. Enkelte forfattarar seier endog at dei angrar på at dei har gitt ut bøker på Kagge, grunna forlagets rykte, men det er ei anna historie. Einaste boka eg kjem på i farta som eg har lese frå Kagge, var Gunhild Dahlbergs bok "Norge i dag", og den var noko av det plattast formulerte eg nokon sinne har lese mellom to permar. Ok, eg sit her med eit manus til ei barnebok. Det