Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 10, 2008

Flaggermus

Akkurat no sit eg ute på altanen på Hjelmeland. Det er mørkt og heilt stille. Einaste eg høyrer er lyden av flaggermus. Bygstad er kort sagt eit paradis på jord, og det er ein fantastisk vår i år. Eg kosar meg glugg ihjel. I sommar skal eg lage ein reportasjeserie frå Vestlandet. Kva den handlar om, er hemmeleg, men den kjem på trykk i ei avis nær deg. Nei, det er ikkje Firda. No sit det ein stor mygg på skjermen min. Eg har ny pc, den er ein traktor av ei kraftig maskin. Fy søren, livet på landet er digg! Og eg, min heldiggris, har odel på denne fantastiske staden der graset veks langt i hagen og blomar gror opp over alt mellom frittgåande høner og påfuglar. Eg er jammen heldig. God pinse!

Ligg unna min blogg

Det er ein kar som ikkje klarer å ligge unna meg og min blogg. Eg har bede han ligge unna fleire gonger. Ver grei, ligg unna bloggen min. Denne karen sender meg også private hatmail og sjikane. Nok er nok for min del. Eg har fleire gonger bede han kutte ut, men utan hell. Eg lurer på kva eventuelle nettdebattantar i det ganske land meiner? Kva gjer ein med menn som meiner dei er i sin fulle rett til å pepre deg med vekselvis hatmails, kjærleikserklæringar og saklege mails? Det er jo kort sagt trakassering. Eg meiner vi må kunne debattere sakleg i det offentlege rom utan å motta sjikane på mail. For min del er begeret fullt. Eg blir forbanna. Men for min del er eg heldig, eg er ein ressurssterk person og har mykje erfaring frå debatt. Eg er relativt herda sjølv om sjikane ikkje er noko eg har vandt meg til. Eg har aldri opplevd sjikane før, heldigvis. Eg tenker på folk som ikkje har denne erfaringa, men som blir utsett for det same. Hev dykk over det, alle tøffe damer. Ikkje lat hatske

Norsk er i fare

Ikkje nok med at nynorsk er i fare, norsk er også i fare. Og no har eg begynt som bokmeldar. Verda står ikkje til påske. Eg er av og til så lei av den der debatten rundt norsk blir borte, nei norsk blir ikkje borte, jo norsk blir borte, nei det blir ikkje borte, osv og så ruller og går det mens norsk forblir om enn påverka. Og eg seier det same om norsk som eg seier om nynorsk, for eg er ein globaliseringsentusiast plassert til venstre i politikken, og tilhøyrer ikkje bunadsvenstre, kva er problemet? Vi lever i ei global verd, lat inntrykka komme inn. Vi lever i den mest spanande tidsalder eg kan tenke meg, og så sit vi her og ruggar og vaktar på språket og gud veit kva vi ikkje ruggar og vaktar på. Av og til lurer eg på om folk har vore lenger vekke frå eiga stovedør enn garasjen.

Bakstreversk ny leiar i målungdommen fjasar litt i Firda, og eg sit på altanen og les kloke ord om språk.

" Man kan altså velge å stå vakt om de Aasen-klassiske idealer og konservere nynorsken som et elitespråk — opphøyd, klangfullt, vakkert og verdig — men uhyre vanskelig å lære, og på solid avstand fra talemålet (især det dagligdagse ordforrådet) i landet. Men alminnelige mennesker velger ikke skriftspråk ut fra moralske eller ideologiske overveielser — de velger det skriftspråk som er lettest å håndtere. Og da er valget klart: Bokmålet er lettere. " Sitatet er henta her , på Lektorlagets heimeside, og stammar frå professor Finn-Erik Vinje. Klok språkmann. I mi jakt på nettet etter debatter rundt nynorskutspela til meg og forfattar Brynjulf Jung Tjønn kom eg også over professor Finn-Erik Vinje sin blogg . Vel verdt å lese. Om ord og vendingar og språk. Her eg sit på verandaen ute i det vakre vårveret og høyrer regn treffe bakken, er det kjekt med godt lesestoff. Nettdebattar endar ofte med tull og fjas og inkompetente debattantar får fritt herje om seg. Skal ein lese alt folk