Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 15, 2009

Man fødes ikke som mann, man blir det.

skriv min gode kamerat Gali på Kunstkritikk.no. Her kjem mi vurdering av Katja Høst, «Det annet kjønn», Fotogalleriet, 5. – 29. mars 2009. Politisk korrekt videokunst om kjønn og sånt som ikkje krev anna av deg enn ein middels sterk vilje til å drikke gratis vin. Eg har kike på denne utstillinga, og det mest fasinerande var klippa som gjekk i bakgrunnen av samtalen mellom kvinnene. Klippa viste ei ganske bestemt og egenrådig dame som kjeda seg skakk ilag med type etter type. Den eine typen ville berre pusse på båten sin heile tida, og gadd aldri finne på noko artig. Den andre typen ville berre snakke om seg sjølv og rette på slipset sitt heile tida, og var ein forfengelig og kjedelig fjott. Ho dumpa begge to. Eg trur faktisk ho klarte å dumpe enda ein fyr, men det fekk eg ikkje heilt med meg. I samtale med ei venninne på slutten seier venninna: "Du må finne deg ein kar som ikkje er redd deg." Så rir dei bort, ho og venninna, og ut av skogen kjem to menn ridande på kvar sin h