Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 23, 2009

Ut av bobla

Idag var det første møtet mellom dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Oslo. Begge peika på viktigheten av å vere synlige, og av å vere ein viktig samfunnsaktør, men ingen av dei var spesielt konkrete på kva dei vil. Dei vil gjere bra ting, ha gode forhold for studentar og forskning, men kva betyr det i praksis? Då kom eg på denne saka som eg skreiv som journalist i Universitas, back in the days. Ut av bobla. Eg trur ikkje det er så dumt å tenke på kva rolle ein vil innta, og at ein som rektor deltek i samfunnsdebatten. Ikkje lat det vere sant som Rune Slagstad seier , at dei utydelige er på veg oppover stigen i akademia. Dei som ikkje bryr seg om anna enn karriere. (Og ja, eg veit at begge rektorkandidatane alt har gjort karriere, men no tek dei atter eit steg/ prøver å ta atter eit steg og det krev at dei maktar å sei andre ting enn ukonkrete ja og amen til kvalitet og utvikling).