Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 11, 2007

Ein fråfallens bekjennelse

"Modernisering av nynorsk ville føre til at færre gjekk over frå nynorsk til bokmål, at fleire ville skrive nynorsk i media, og meir nynorsk i det offentlege rommet." Anne Viken (Kronikk. Trykt i Bergens Tidende 31.mai og Nationen 11.juni 2007) Publisert 11.06.2007 - 11:48 Oppdatert 11.06.2007 - 12:13 Kvifor skal kvar ein nynorskbrukar som byter til bokmål, på død og liv framstillast som eit offer for bokmålsdiktaturet? Eg for min del er eit offer for den arkaiske nynorsken. I dag er eg ikkje nøydd til å skrive bokmål der eg arbeider som journalist. Eg kan fritt velje målform i dei media eg skriv i, og valet er enkelt. Etter å ha stava meg gjennom eit par frilanssaker på nynorsk i eit tappert forsøk på å vere språklojal, og sett at desken la inn enda meir konservativ språkbruk i sakene mine - så eg sjølv omtrent ikkje kjende dei att - la eg nynorskprosjektet på hylla. Eg har funne min identitet. Eg er ein fråfallen nynorsking frå nynorsken sitt tradisjonelle kjerneområde på