Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 25, 2007

Klimafiendtlege medier

Billeg og dårleg sensasjonsjournalistikk er klimadebatten neppetjent med, skriv Anne Viken. Debattinnlegg. Vårt Land 10.januar 2007. Ikkje all medieomtale gagnar klimaet.Torsdag 4. januar har VårtLand oppslag på at det er langt dyrareå ta tog mellom Oslo og Bergenenn det er å ta fl y. Vidare kanvi lese at standardprisen på tog påstrekninga er 728 kroner ein veg,mot mellom 366 og 1.646 kronerein veg med fly. Altså viser reknestykketat det er langt dyrare å tatog enn fl y på den konkrete dagenjournalisten har sjekka ut. Det er ei kjensgjerning at om einbestiller billetten same dag som einvil reise, får ein ofte ikkje spesieltgode prisar, men at ein på eit sliktgrunnlag slår opp på framsida avavisa at prisen på ein einvegsbillettOslo-Bergen er 728 kroner, vert direktefeil. Her ligg dårleg og klimafiendtleg journalistisk researchtil grunn.Vil du ta toget mellom Oslo ogBergen, er det nemleg ei enkel sakå få miniprisbillettar til 199 kronerein veg. Du går inn på www.nsb.no,fyller ut reises

Til kamp mot bunadseliten

Imageproblemet Sogn og Fjordane Debattinnlegg i Firda. Av Anne Viken, tekst og foto . Foto viser Kurt Andrè Aase, ein langt betre representant for fylket enn bunadskrapryla. Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal markedsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyter. Anne Viken, oppvaksen i Bygstad. Journalist. Bachelor i Internasjonale studier. Studerar veterinærmedisin ved Norges Veterinærhøgskole, Oslo. Eg kjem frå Sogn og Fjordane, eg snakkar og skriv nynorsk, har ridd på fjording, eig ein Sunnfjordbunad og har ei sæter på heia med gras på taket. Eg lærte å danse folkedans på skulen, og voks opp på ein gard like ved ein fjord, ved foten av eit fjell. Sånn sett lever eg opp til alle klisjeane ein måtte ha om Noregs streitaste streitingfylke og folka der. Trivselsfylket, annleisfylket, Sogn og Fjordane, fjordafylket, verdas beste stad å bu ifølgje statestikken. Men for seks år sidan lot eg bunade