Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 24, 2008

Betty Friedan og bokbyen i Fjærland

Ein fantastisk interessant stad eg besøkte i sommar, er bokbyen i Fjærland. Bileta viser husa som husar bøkene, og litt av inventaret. Hit kom eg for å gjere eit intervju, og her vart eg verande i det lange og det breie for å handle og kjike på bøker, med der resultat eg kom ein del forseint til neste intervju kan du sei... I etterkant vart eg dei neste dagane sittande rett ned å lese i timesvis. Passa godt i sommarveret som har vore i Sunnfjord ein del av sommaren. Her fann eg ei kjent bok som eg må anbefale. Det er ei av dei aller mest interessante bøker eg har lese på all den tid. Min guru innanfor feminsme har til no vore Simone de Beauvoir og boka Det annet kjønn, men no segla Betty Friedan heftig opp på sidelinja med " Myten om kvinnen ". Den bokbyen er ei gullgruve. Biletet over viser tegneserieskuret. Her får du 12 fantomet for 100 kr. Det seier litt om prisen.. Her fann eg også fleire årgangar av bladet Sirene . Mora meg storvegs og har lest ut alle blada. No må e

Tromsø dag 1

På mi reise mot nord har eg no kome til Tromsø. Her har eg aldri vore før. Noko av det første eg gjekk på, var desse dyra på gata. Dei står litt rundt omkring her i sentrum. Eg, som den maktsugne jævelen eg er, gjekk strake vegen frå flybussen til Rådhuset for å prate litt med lokalpolitikarar. Det meste av årsaka til at eg gjekk hit, er at eg er journalist og snakkar med lokale om nordområdene, men eg hadde aldri lagt ut på ei slik reise som dette om det ikkje var for genuin interesse i samfunn, politikk, medier og nordområder spesifikt. Dette kan eg skrive langt og mykje om. Når vi sit i sør og ser mot nord, er det lett å trekke eigne konklusjonar basert på stortingsmeldingar om nordområda, regjeringas nordområdestrategi og den halleluja-prega regjeringsbestilte Econ-rapporten "Ringer i vannet": Econ spår i sin analyse at Norge blir snudd på hodet. Fra fraflytting, arbeidsløshet og statlig tiltakeri blir Nord-Norge omskapt til et pressområde med tilflytting og et dynamisk o

Kafe Nærleiken i Eikefjorden

Gro Rukan har opna kafeen Nærleiken i Eikefjorden. Eg drog dit ein tur for å drikke kaffe med villsaubonde Hilde Buer. Det var riktig så hyggelig. Her ser ein dørskiltet... ... og inventaret. Alle møblane kan du kjøpe og ta med deg heim om du har lyst. Stil på ein ha på kafe. Maten ser lekker ut.. og til og med toalettveggen i første etasje er dekorert. Gjennomført med andre ord. Slik ser kafeen ut frå gateplan i Eikefjorden. Her er Hilde og Tassen. Dei ventar på anten økologisk is, god kaffe, heimelaga muffins eller anna godt. Den økologiske isen kan absolutt anbefalast. Same kan muffins og kaffe. Ute er det god plass til store hundar... ... og om du skulle bli kald på beina, kan du gå ned i butikken i kjellaren og kjøpe deg eit par tøflar frå Mongolia. Fare trade-varer, eller rettferdige produkt som det heiter på norsk. Her finn du mangt og mykje... .. blant anna desse skålene frå Afrika som er laga av emballasje. Veldig kule. Her har Gro også skåler med fiskemønster på! Og Fanta ell