Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 10, 2010

Eg lurer på kor hjernevaska ein må vere for å tru på at ordet dyrevelferd i landbruk og matproduksjon har ei meining

Eg har mange gonger spurt meg kvifor ein brukar ordet "dyrevelferd". Det er ingen tvil om at ordet er utan betydning, totalt tappa for innhald, i landbruket. Den som pröver å overbevise meg om at ei ku, ökologisk eller ikkje, som står på bås i masse dritt, har eit flott liv, kan gi seg med ein gong. Det er eigentlig skremmande å sjå kva som blir godkjent innanfor det som er påstått å vere dyrevelferd, og det er skremmande å skulle vere ein som opererer innanfor dette feltet. Det er skremmande at mat produsert på denne måten blir markedsfört som rein og flott, den er alt anna enn rein og flott. Eg lurer på kor hjernevaska ein må vere for å tru på at ordet dyrevelferd i landbruk og matproduksjon har ei meining. Ein må iallefall vere totalt blotta for praktisk innsikt og erfaring og kunnskap om landbruk og dyr, dersom ein trur på det. Men det er ganske rart det der: mange som har jobba lenge med dyr, ser ut til å tru at dyr trives i mökk og fluger, og at dette er ok liv for dyr.