Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 16, 2010

Kva ligg i folkeskikk??

Kven definerar folkeskikk?? Etikk? Moral? Eg berre lurer. Bloggplakaten, som mest av alt ser ut som ein prematur fjortispåfunn, inneheld to punkt. Eit er "vis folkeskikk", og det andre er "følg norsk lov". Jassågitt. Så det held ikkje med norsk lov, vi må ha folkeskikk i tillegg? Eit problem: folkeskikk er udefinerbart. Kvifor ikkje heller skrive at vi skal forhalde oss til ytringsfrihet? Folkeskikk er eit langt trangare rom enn ytringsfrihet. Eller vil dei ikkje ha ytringsfrihet i kommersbloggsfæren til Thomas Moen? .

Slik burde bloggplakaten sjå ut: BLANK!

Klikk her. Nei til fjortis-flinkis-innsnevring av bloggsfæren. Fuck bloggplakaten! Det ser mest av alt ut som om denne Thomas Moen, som har forsøksvist mekka plakaten, sjølv er ute etter merksemd og å tjene kjappe penger, litt PR er jo alltid greit. Ikkje like greit at han kaster sin lite gjennomtenkte flate skygge over oss alle sammen. Plakaten ser ut til å vere utvikla med tanke på ungdomsskuleelvar, eller for mindreårige. Det ser mest av alt, utfrå plakaten, ut som om folk flest må vere OBS på bloggarar, vi er jo både påvirka, kommersielt sponsa og så bortetter. Moen bør ikkje trekke det så langt, og vise så lite kunnskap om sosiale medier, at han trur dette gjeld oss alle. Generalisering ser ut til å vere eit problem her. Skal ein mekke slik plakat, må ein gjere sin research, og det er heilt tydelig ikkje gjort her. Serkje ut som om Moen kjenner populasjonen han forsøker å lage reglar for. Han trur visst at alle vi bloggarar er som han og det som ser ut til å vere Moens venner: glæ

Alle journalistar har politikarvener og sjølvsagt støttar Høgre at Stang er opent engasjert i Ap.

NRK Sogn og Fjordane lagar no i fullt alvor saker på korvidt ein journalist kan ha politikarvenner. Eg lurer litt på korleis det står til der heime når dei kan lage saker utav slike ting som dette: "Partisekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Eirik Aarek, meiner journalistar bør få lov til å vere vener med politikarar (...)." Det ser ut til å vere låg kunnskap om korleis journalistar og politikarar samarbeider og jobbar ilag i kulissene. Vidare: "Aarek trur dei fleste journalistar ikkje har noko imot å vere ven med politikarar i nettsamfunnet, men at ein av omsyn til arbeidsgjevar vegrar seg for at "ingen skal bli tekne på det"." Meiner han dette seriøst? Å ha politikarvenner på nettsamfunn, er det eit problem? Sjølvsagt har vi det. Kva slags verd er det Aarek lever i? Eg har mange politikarvener på Facebook. Det er ein effektiv plattform for kommunikasjon og utveksling av linkar, info og debatt mellom journalistar og politikarar. Lik det eller ei. Det