Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 25, 2009

Økologisk må bli økologisk

leserbrev trykt i Klassekampen 23.september 2009 som svar på to motinnlegg mot min kommentar Økologisk merkevarebløff i same avis 5.september. Eg er pro økolandbruk, men ikkje pro eit økolandbruk som framstiller seg som meir økologisk enn kva det er. Årsaka er at ein då lurer forbrukaren til å tru at han kjøper eit produkt som bidreg positivt til miljøet, medan dette ikkje nødvendigvis er realiteten. Ein er fornøgd og let vere å stille krav om reelle økologiske produkt. På denne måten blir økomat kontraproduktiv: ein trur at den har ein effekt som ikkje er der og forbrukaren blir ein passiv konsument av ei merkevare som er godt meint men som ikkje er særlig effektfull med tanke på målet. Krava til kva som kan kallast økologisk er kort sagt for slakke. "Ønsker vi å prioritere bærekraftighet framfor kortsiktighet, representerer økologisk matproduksjon et steg i riktig retning", skriv Christian Bianchi Strømme på lesarbrevplass i Klassekampen. Ja, dette er eg einig i. Proble