Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 3, 2012

#FaktaSjekkMat - faktafeil blir servert forbrukarane frå Tine, melk.no og Matprat.no om økomelk og egg

Sommaren 2010 køyrde Tine ein reklamekampanje der dei påstod at alle norske kyr går ute. Dette var, til og med ifølge Tines eigne tal, ein faktafeil. Tretti prosent av alle norske kyr i lausdrift, er aldri utanfor fjøsets fire veggar. Les om saken her. Her om dagen fekk eg tips om ein ny link hos Tine. Tittelen var «Økologisk melkeproduksjon». Teksten går slik: «Derfor er regelverket for oppstalling av økologiske melkekyr strengere enn ved vanlig drift. Det betyr blant annet krav om:» «Daglig lufting av kuene.» Dette er ein faktafeil. Fakta: Det er ikkje krav om dagleg lufting av økokyr. Det er krav om lufting to gonger i veka, og dette er kun for økokyr i båsfjøs. Det finst ingen krav om lufting av økokyr i lausdrift. «Større arealkravkrav til dyra både innom og utom hus.» Dette er ein faktafeil. Fakta: Det stilles ikkje større krav til areal for økokyr, verken inne, eller ute, samanlikna med konvensjonelle kyr. «Strengere krav ved bruk av medisinsk behandling av dyra». Dette