Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 26, 2008

Dei sløve lokalmediene - originaltekst i Klassekampen 21.juli 2008

Eg køyrer av stad i eit attgrodd landskap, gjennom smale mørke tunnelar og møter ein politikar frå Sogn og Fjordane. Ho er oppgitt. Det er for så vidt kjekt for ho at ho kan drikke kaffien sin i urørt natur, og operere som ho vil langt unna medias kritiske søkjelys, men på den andre sida hadde det og vore behov for kritisk og avslørande journalistikk også her ute, meiner ho. – Kvar er journalistane, spør ho oppgitt? Men journalistane er her. 16. april stod saka «Syre på munn og hender» på trykk i Firda. Ei anonym mor fortel at sonen fekk batterisyre på hendene då han leika med ein bil kjøpt hos Biltema i Førde. Årsaka til at mora er anonym, er at kvinna sjølv er journalist i Firda. Er dette korrekt måte å bruke anonym kjelde på? 19. april står saka «Sterkt innsamlingspress» på trykk i Firda. Ei anonym kjelde som ikkje sjølv har ungar i Bygstad barnehage seier til avisa at foreldra i barnehagen blir utsett for eit stort press i samband med dugnadsarbeid. Ingen andre kjelder er brukt for