Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 23, 2010

Bestialsk landbruk

Eg drog til USA. Der lærte eg å mishandle kyr. Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 23.mai 2010 . Det er fleire som har kontakta meg for å få lov til å republisere denne artikkelen. Send meg ein epost så blir vi enige. For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfel le godt kjeft om det dei har sett. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, at alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av etter nokre veker der den har hengt og rotna) og at dei fleste har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei