Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 27, 2009

Ut av Blindern-bobla, om rektorvalget ved UiO

Skal Universitetet i Oslo bli ein viktig samfunnsinstitusjon, må rektor heve stemma. ( Denne kommentaren står på trykk i Dag og Tid denne veka). Rektorvalkampen skadar Universitetet i Oslo (UiO) sitt omdøme, skreiv studentavisa Universitas sist veke. Dette viser ei undersøking som kosta 450 000 kroner og var utført av verdas største kommunikasjonsbyrå, Burston-Marstellers, på oppdrag frå universitetet sjølv. Burston-Marstellers hjelper oppdragsgivarar å få gjennomslag, står det på nettsida deira, gode råd har lov å vere dyre, og når den svertande rektorvalgkampen i disse tider atter ein gong skal rulle over Blindern, er det viktig å vakte sine steg. * Midten av denne kommentaren er klipt bort og ligg ikkje her på bloggen. Dette er kun ein reklamesnutt. Heile kommentaren kan lesast i avisa. * Hev stemma Runde ord og vendingar er fint å høyre på, men er ikkje godt materiale for konstruktiv debatt og gjenreising av UiO som ein viktig samfunnsinstitusjon. UiO har rundt 30 000 s

Trikken - eg elskar deg

Eg elskar å reise med trikk, men trikken elskar ikkje alltid meg. Av og til er trikken veldig sein, og eg rekk ikkje t-banen, og av og til er det straumbrot og snø, og eg ryk uklar med trikken kavande i snø og mørke på veg i ein eller anna retning der trikken ikkje har samarbeidstilbod for øyeblikket. Men idag venta trikken på meg. Den køyrde litt framover frå stoppet på Birkelunden, så stansa den og opna døra så eg kunne gå på. Takk, gentleman, sa eg til trikkeføraren. Dette var sjelden vare frå ein trikk. Vanlegvis køyrer dei berre avstad. Når du sit på t-banen eller trikken, er du under huda på Oslo. Det er då du virkelig i byen, i blodet, føler deg urban. Eg er ein svoren trikk og t-baneelskar, og hadde det ikkje vore for at ein av og til har litt dårleg tid, kunne dei gjerne vore forsinka heile tida for min del. Eg hatar stress og mas. Vår tid er smekk full av begge deler, og av og til vurderer eg å ta ei tidsmaskin. Då tek eg gjerne trikken. Trikken er full av folk og lukter