Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 18, 2009

Norsk mat, kafekultur og bloggarane frå bygda

Eg sit her å tenker på ein ide eg har fått. Ein ny ide om korleis markedsføre distrikta. Og så kjem eg på ein heil del ting, og eg tenker at alt heng saman på forskjellige vis. I denne bloggposten vil eg lime inn ein reportasje eg skreiv om norsk melkeproduksjon for Dag og Tid i 2008, men først vil eg tenke litt høgt. Eg har før flagga eit ønske om kafe-kultur til bygda , og medan eg var ute å reiste i Sogn og Fjordane sommaren 2008 for å lage reportasjeserien for Dag og Tid, kartla eg kafelivet i fylket. Resultatet var blant anna Osabua på Viksdalen, Nærleiken i Eikefjorden, kafeen på Mundal Hotell i Fjærland og kafe Didriks på Eid. Her fanst det god mat og god kaffe. Men ikkje alle vil ha det slik. Til og med på lesarbrevplass i Firda har eg lese at "dei der kaffedrikkande folka som har flytta ut og blitt avhengige av kaffe latte, vil vi ikkje ha tilbake til bygda. Dei treng vi ikkje", skreiv den sinte kvinna. Kvifor skreiv ho det? Er bygda som den alltid har vore? Ska