Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 19, 2009

Toleranse er farlig - eg er intolerant

Vi har alt toleranse for ei lang rekke vulgærperverse aviskommentatorar, for ei presse som plager deg med sitt låge nivå og no også spinn ville politikere til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til steinalderen. Det heile er ei megasuppe, og Oslo ein andedam som ikkje forstår at mesteparten av landets folk lever andre stader. Skal vi tolerere dette, og desse stemmene som eig landet og den offentlige debatten? Tja. Skal vi tolerere floden av navlelo i det offentlige rom? Toleranse og humanisme fører ikke til en bedre verden, men er tvert imot farlige krefter fordi de glatter over konfliktene i samfunnet, sier filosofen Slavoj Žižek i dagens Klassekampen. Dette kan vere sant. Personlig dersom du tolererer kjipe mennesker rundt deg. For samfunnet om du skal vise takhøgde for alt og alle. Problemet er vel å trekke opp kvar grensa skal gå. Selvfølgelig. No har Nina Karin Monsen anmeldt staten pga ekteskapslova. Ho meiner det har gått for langt, at det er høgre mot venstre

Legg ned Venstre, erstatt Senterpartiet og få Krf til å trekke ut folk av Frp.

Eg tenke, nokre dagar på etterskot, at Siv Jensen sitt angrep på Lars Sponheim (V) fordi han liksom føkker opp for eit borgarleg fleirtal, bør han ta som eit kompliment. Det må stå som ein siste gest til galningen Sponheim, at det var godt at han ikkje ga seg, og at han sa nei til Frp fram til siste slutt. Så får han heller få dask på lanken av Siv. bla bla bla Spørsmålet er vel heller om ein bør samarbeide med Frp, om ein i det heile tatt treng partiet Venstre. Dette spørsmålet har eg stilt meg i ei årrekke, og spørsmålet er aktuelt igjen. Kva skal vi med partiet Venstre? Dei er jo berre ein slags funny miks av ting og påstander som ikkje treng eit eige parti, men som vert dekka inn av andre. Krf kan eg forstå, Ap må vi sjølvsagt ha, Rødt er fint å ha i opposisjon så vi får litt bråk og leven frå utsida. Dei gjer seg betre i opposisjon enn i posisjon, all den tid dei i posisjon hadde blitt kverna inn i stortingskverna medan dei utanfrå kan stå tydelig fram. Mulig at også SV burde u