Gå til hovedinnhold

Legg ned Venstre, erstatt Senterpartiet og få Krf til å trekke ut folk av Frp.

Eg tenke, nokre dagar på etterskot, at Siv Jensen sitt angrep på Lars Sponheim (V) fordi han liksom føkker opp for eit borgarleg fleirtal, bør han ta som eit kompliment. Det må stå som ein siste gest til galningen Sponheim, at det var godt at han ikkje ga seg, og at han sa nei til Frp fram til siste slutt. Så får han heller få dask på lanken av Siv.

bla bla bla

Spørsmålet er vel heller om ein bør samarbeide med Frp, om ein i det heile tatt treng partiet Venstre. Dette spørsmålet har eg stilt meg i ei årrekke, og spørsmålet er aktuelt igjen. Kva skal vi med partiet Venstre? Dei er jo berre ein slags funny miks av ting og påstander som ikkje treng eit eige parti, men som vert dekka inn av andre.

Krf kan eg forstå, Ap må vi sjølvsagt ha, Rødt er fint å ha i opposisjon så vi får litt bråk og leven frå utsida. Dei gjer seg betre i opposisjon enn i posisjon, all den tid dei i posisjon hadde blitt kverna inn i stortingskverna medan dei utanfrå kan stå tydelig fram. Mulig at også SV burde ut av tinget, av same årsak. No driv dei å leikar superkapitalistar på tinget, men ok. Det er fint med litt makt frå venstre på Løvebakken.

Frp ser det også ut til at vi må ha all den tid såpass mange faktisk vil ha dei, og ein skal ikkje kjimse av demokratiet. Krf er greit nok, så lenge dei klarer å halde på velgarane sine og ikkje lar dei flyte over til Frp, så Krf får stramme grepet, auke velgartala og trekke tilbake fotsoldatane dei har mista til Frp.

Senterpartiet er meg ei gåte. Ja eg er pro norsk mat og norsk matproduksjon, men eg har seriøse problemer med Sp si tilnærming til problemet. Paradoksa står så tett i kø at eg ikkje anar kvar eg skal starte. Mulig ein burde rett og slett starte eit nytt parti som kan skvise ut Sp og starte ein progressiv og kompetansebasert distriktspolitikk heller enn møl og atter møl. (ubegrunna påstand).

Høgre er fint å ha, og det er bra at vi får eit ideologisk parti på høgresida, ved sida av Frp-spetakkelet. Eg har stor sans for mange politikarar i Høgre, dei har mange av mine favorittar retorisk og i dyktighet er det liten tvil om at dei har mykje å fare med. Så ja til Høgre.

De grønne og resten av gjengen har eg ikkje problemer med at held seg utanfor regjering enn så lenge.

Og eg er særdeles nøgd med valget.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...