Usynleggjeringa, eller mangelen på interesse for norske utkantar i dei nasjonale mediene, er slåande.   
  Eg var nett på Småsamfunnkonferansen i Tromsø og heldt eit innlegg, som Frank Willy Djuvik omtalte i eit innlegg i Firda. Djuvik bomma imidlertid på ein ting: skuleavisa eg og ei venninne gav ut på Hafstad vidaregåande skule handla ikkje om skulen, men om kven av gutta i dei andre skuleavisene som var mest sexy.  
 Mitt innlegg frå konferansen.
  
 Uansett. Publikum i Tromsø hadde fått med seg debatten om Sogn og Fjordane. Det er ikkje sutring å snakke om dette. Det er realitetsorientering. Dei same problemstillingane rir utkantstrøk over det ganske land: folketal og utvikling, og ein arbeider hardt for å finne løysingar.  
  Eg har vore i Oslos media lenge nok til å vite at distriktsnostalgien er omfattande og kunnskapsløysa om distrikts-Norge enorm. Dette bidreg i sin tur til å sedimentere biletet av distrikta. Difor vil eg har sette eit fokus på medias betydning for biletet av ...