Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 20, 2010

Dagens Firda med sitater frå fjordaglimt

Eg syns uansett at ein no har kome ikkje så ille ut av denne saka, gitt første oppslaget mandagen. Det er veldig bra at det kjem ut nokre veltalande kloke hovud i avisa idag, både i intervjuform og på lesarbrevplass. Dessutan var det interessant med den sida med sitat frå nettdebatten. Der kom mange til orde. Det er ikkje så dumt å sitere frå nettdebattar på den måten. Det er ein ganske smart måte å få stoff til avisa på, å hente dei ut frå kommentarfelt på saker på nettsida, slik Firda gjer frå fjordaglimt.no. Det blir jo veldig lesarvennlig godt stoff all den tid alle kjenner ein eller anna som har sagt noko, samt at ein får ut stemmer i avisa som ikkje vanligvis er på trykk. Dessutan kjem mange synspunkt til syne som ellers hadde forblitt online eller rundt kjøkkenbordet. Eg var før ikkje klar over at ein kunne bli sitert i avisa om ein skreiv kommentarar under nettsaker på firda.no, men det kan ein altså, og den sitatsida i avisa idag var garantert godt stoff. Likte den. Eg skulle

Bygda er den nye rocken.

mitt lesarbrev idagens Firda. Om Bygda, og no skriv eg Bygda med stor B, i framtida kan klare å framstå med den takhøgda som byen påstår at den har . M erk dåke at eg seier: som byen påstår at den har, trur eg vi har kome langt. Dette var litt av min bodskap på debatten i Førde på fredag. Det handlar ikkje om at Bygda skal bli Byen. Det handlar om at Bygda skal bli ei bygd for framtida, ikkje ei bygd som blir fråflytta. Då må ein endre innhaldet i merkevara "Bygda", og dermed merkevara "Sogn og Fjordane". Dette drukna i mandagens sak i Firda der journalisten hadde klipt og limt tilfeldige sitar frå eit femten siders kåseriaktig manus. Manuset kan lesast i si heilheit på anneviken.blogspot.com samt på Firdas nettstad Fjordaglimt.no. Eg skal innrømme at eg vart ganske sjokkert då eg las Firda. Hardt klippa sitater, tatt totalt ut av kontekst, blei tidenes sitatsak. Eg er nemlig eit råskinn på å levere sitater, og elskar store ord. Som journalist forstår eg behovet