Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 2, 2009

Dyr framfor menneske i helsekø

Medan eit dyr får røntgen på timen, kan du som menneske risikere å vente i månadsvis. Mindre enn fem prosent av den norske befolkningen har privat helseforsikring, dei flest finansiert av arbeidsgivar. Ein stor andel av norske dyr har også privat helseforsikring. Har du ikkje forsikring, kostar det deg raskt femti tusen den dagen hesten din blir ramma av ein alvorlig tarmslyng, og må på operasjonsbordet for å redde livet. Er dyret forsikra? Eit av dei første spørsmåla ein eigar møter når han kjem til klinikken, er dette: Er dyret ditt forsikra? Ja, seier dei, og veterinærane pustar letta ut. Dei kan køyre i gang, ringe inn alle ekspertar på vakt og slenge hesten på rygg, heise den opp og legge den på operasjonsbordet under eit anestesiregime like proft som på ein kvar privatklinikk for oss tobeinte. Dei kan sette alle klutar til. Det hadde dei også gjort om dyret ikkje var forsikra, men då måtte dei først ha forvissa seg om at eigar var villeg til å betale kostnadane ved inngrepet.