Gå til hovedinnhold

Dyr framfor menneske i helsekø

Medan eit dyr får røntgen på timen, kan du som menneske risikere å vente i månadsvis.


Mindre enn fem prosent av den norske befolkningen har privat helseforsikring, dei flest finansiert av arbeidsgivar. Ein stor andel av norske dyr har også privat helseforsikring. Har du ikkje forsikring, kostar det deg raskt femti tusen den dagen hesten din blir ramma av ein alvorlig tarmslyng, og må på operasjonsbordet for å redde livet.


Er dyret forsikra?


Eit av dei første spørsmåla ein eigar møter når han kjem til klinikken, er dette: Er dyret ditt forsikra? Ja, seier dei, og veterinærane pustar letta ut. Dei kan køyre i gang, ringe inn alle ekspertar på vakt og slenge hesten på rygg, heise den opp og legge den på operasjonsbordet under eit anestesiregime like proft som på ein kvar privatklinikk for oss tobeinte. Dei kan sette alle klutar til. Det hadde dei også gjort om dyret ikkje var forsikra, men då måtte dei først ha forvissa seg om at eigar var villeg til å betale kostnadane ved inngrepet. Veterinærklinikkar er ikkje offentlige.


Nei, seier eigarane av og til, og veterinærane ser på kvarande. Eigaren må tenke seg om. Har han råd til å svi femtitusen kroner på merra? Nokre eigarar bestemmer seg for å sei ja. Enkelte under sterk tvil: om vi ikkje opererer merra blir folungen morlaus, og då vert den ingen hest. Mange strekker seg svært langt for ei merr.


Nokre seier nei, og er tilfellet er for ille til at ein kan late vere å operere, ladar ein giftsprøyta og sender hesten til dei evige beitemarker kjapt og smertefritt. Andre gonger kan ein prøve alternative og billigare behandlingar.


Ekspertise for dyr


Det har fleire gonger slått meg korleis dyr kan få tilgang til framragande medisinsk ekspertise, der menneske går for lut og kaldt vatn, og blir mangelfullt utreda og undersøkt. Ein hund kan bli rekvirert rett til røntgen, om klinikken har røntgen vel å merke, eller komme til på dagen hos ein klinikk med nødvendig utstyr dersom eigar ønsker å ta den dit, og ein hest kan bli sendt i CT-scanner for svake smerter i munnen, medan menneske må vente i månadsvis, om dei ikkje har ein privat legeklinikk å gå til, vel å merke.


Det offentlige helsevesenet har eit dårleg rykte, og helsevesenets tilbud framstår desto styggare når ein veit kva slags raskt tilgjengelige medisinske tilbud som finst for dyr, utan månader i kø. Aldri har eg opplevd å bli utreda like grundig som eit dyr. Legen ser på meg, set ein diagnose, og noterer på skjermen.


Etisk dilemma


Forskjellen i tilbud til menneske og dyr kan også slå ut den andre vegen: vi set inn ei mengde ressursar på dyr på eit nivå dei færraste menneske globalt har tilgang til. Det kan framstå som eit dilemma. Ein dyrepleiar fortalde meg om korleis dei fekk låne splitter nytt tannlegeutstyr frå ein human tannlege for å behandle ein hund som hadde mista ein liten tannbit. Ein liten skjønnhetsfeil, men hunden skulle på utstilling.


Dyrepleiaren tenkte at det var ganske perverst å stå med denne hundepasienten og spinndyrt utstyr, medan barn svalt på Balkan. Eit anna moment er den utilstrekkelige tannlegedekninga vi slit med i store delar av Norge. Den rammar ikkje dyr. Ein hest får raspa tennene sine når eigar måtte ønske til ein billig penge heime i sin eigen stall med bedøving og det heile.


Hald deg frisk


Ein gong krasja eg på sykkel og slo ut tre tenner. Etter å ha blitt send til legevakta med sjokk, vart eg skufla ut på gata med hjernerystelse for sjølv å finne ein tannlege klokka fem på ettermiddagen, etter at alle tannlegar hadde stengt. Hadde eg vore ein hund, hadde legen blitt anmeldt for dyremishandling.


I det heile tatt er det ganske paradoksalt å sjå kva slags helsetjenester eit dyr har tilgang til når ein samanliknar med menneske, forsikra eller ikkje. Var du hund, kunne du fått røntgen på dagen, og som hund med kreft kan du får strålebehandling. Om du som dyrlege ikkje maktar putte riktig diagnose på eit dyr, og dyret dør med påfølgande tap og raseri hos eigar, må du belage deg på rettssystemet. Du bør som dyrlege ha ei god forsikring. Av og til spør eg meg om det same gjeld for humanlegar. I mellomtida får vi menneske håpe at vi held oss friske.


Denne kommentaren stod på trykk i avisa Dag og Tid fredag 29.aug 2009

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys