Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 21, 2008

Kafekultur til bygda

"Ein kafé er ikkje berre ein kafé og kaffe, men uttrykk for ein mentalitet og ein måte å leve på. " Og no kjem det fleire kafear på bygda, små rare kafear med slipsutstillingar og absurde opningstider, og bygda treng kafékulturen av ein enkel grunn: bygda klarer seg ikkje utan ungdom. Den sosiale kaf€kulturen med sine samlingsstadar kan bidra til trivnad og motverke folketalsnedgang. Det kan ikkje halvsteikt burger. les kommentaren i Nationen her. Bildene viser den nydelige kafeen på koselige Mundal Hotel i Fjærland. Alle foto Anne Viken her er heile kommentarteksten frå Nationen: Kafékultur til bygda " Ein kafé er ikkje berre ein kafé og kaffe, men uttrykk for ein mentalitet og ein måte å leve på. " Anne Viken, fri journalist i Bygstad og Oslo Nokre pensjonistar sit og sladrar på ein lokal kafe i Sunnfjord. Regnet høljar ned og røyken ligg tett under plasttaket blant plaststolane. Oppned blomsterpotter tjener som oskebeger, men oska ligg utover bordet, og på pl

Bodø dag 1

Då eg kom til Bodø, fekk eg ta bussen gratis til sentrum frå flyplassen. Sikkert fordi eg såg så forvirra ut, drog på stor kamerasekk og spurte om studentrabatt. Eg hugsa heller ikkje namnet på hotellet eg skulle bu på, så eg prøvde meg litt fram og til slutt kom vi fram til at det heitte Zefyr og at verken bussjåføren eller den eldre dama i fremste sete hadde høyrt om det, men ein resonnerte seg fram til at det måtte vere sjukehushotellet, eller hospitset? Eg vart litt nervøs. Eg er på reportasjereise og ikkje på sjukehusturne og såg meg sjølv brått blant beinbrot og verre ting. Den eldre dama i fremste sete ringte då til opplysninga for å finne ut nummeret til sjukehuset og så til sjukehuset for å høyre kva sjukehushotellet heiter, og det heitte Zefyr. Dermed viste den eldre dama og bussjåføren meg vegen heilt fram til hotellet, og hotellet viste seg å vere heilt ypperlig. Eg gjekk så dei ti minutta til Bodø sentrum for å kjøpe meg litt mat og havna her: Eg sit å et dårlig burger ved