Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 23, 2010

Stagnasjonsfylket?

Innlegg på Fjordaglimt, vel verdt å lese. Noko av det beste eg har sett av innspel til mine utspel, eller kva eg skal sei;) Bra! .

Sexy bitch i KrF

Denne kommentaren stod på trykk som Dagboka-spalte i Klassekampen 22.mars 2010. Lørdag morgon logga eg meg på Twitter. Der fekk eg servert ein link til VGs framside. Saka «KrF-topp poserer i undertøy. VIL VÆRE SEXY for å provosere», stod ved sida av saka «Kraniet sprakk etter takras». Dette må vere ein spøk, tenkte eg. Mannen bak linken er god på photoshop. Men det var ingen spøk. Inger Lise Hansen, nestleiar i KrF, dekka heile VG-framsida iført svart minikjole. What the fuck? tenkte eg. Trur ho virkelig at ho provoserer i eit antrekk som dette? No begynner eg å lure på dømmekrafta hennar. Greit nok at dama er kontroversiell og modig, all respekt. Eg har digga Hansen frå månen og tilbake, men no vart eg skikkelig skuffa. Og det var ikkje fordi ho stod fram i minikjole og ei lita utringing, for vi har vel alle gått med større. Årsaka var at Hansen sa at ho «kler seg sexy for å provosere». Eg som hadde inntrykk av at Hansen var ein politisk leiar anno 2010, fekk brått mitt inntryk