Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 27, 2011

Kristen nestekjærleik og toleranse

I år 2011 kan ein spørre seg om "kristen-Norge" tek hensyn til nestekjærleik og toleranse, eller om dette er reglar som gjeld kun for andre. Inger Lise Hansen blir ikkje gjenvalgt som nestleiar i Krf, og ingen er vel overraska. Krf viser sitt sanne ansikt. Der er for lite takhøgde. Krf er ikkje eit parti som er klare til å ta på alvor det vi anser som menneskerettar, nestekjærleik og likebehandling av mennesker i år 2011. Altså homofile. I Krf kan dei heller ikkje godta at ein nestleiar i partiet kler seg akkurat som alle andre kvinner på hennar alder. Nei, der går grensa. Hansen må sjå til å få på seg stakken. Her praktiserer vi reglar frå forje tiår, eventuelt forje hundre år Einaste skilnaden er at Hansen havna i VG. Det var kanskje ikkje så bra, gitt gubbeveldet som veltar fram frå Krfs indre korridorar. Med anstrengte miner og store tankar om nestekjærleik, verdivalg og takhøgde, berre dei slepp utøve det sjølv. Men det stansar ikkje her. Episodar frå kristen-Norg