Gå til hovedinnhold

Innlegg

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

Nylige innlegg

Keisaren er naken: norsk landbrukspolitisk retorikk

Ein bygger ikkje landbruk på retorikk. Av veterinær, journalist og forfattar Anne Viken. Klikk på bileta så blir dei store og leselege. Lat oss ta ein rask kikk på utviklinga i landbruket sidan 2005. I denne perioden er det fjerna 18 000 årsverk frå landbruket og lagt ned 8330 gardar. Nedgang i kornareal er på 285 633 dekar og reduksjonen i dekar fulldyrka areal er på 456 219 dekar. Dette har ikkje skjedd på tross av, men på grunn av, landbrukspolitikken. Tala kan ikkje bortforklarast.  Fakta: Nedbygging av kornareal dei siste åtte åra er rekordhøg i norsk samanheng. Fem tusen fotballbaner med korn har forsvunne kvart år sidan 2005. I det same tidsrommet har kraftfôrimporten auka med 108 prosent, og matkornimporten stige med 72,9 prosent. I klartekst: Norge bygger ned eigne kornareal, på same tid som vi importerer stadig meir kraftfôringrediensar og matkorn. I 2012 importerte vi, ifølge Statens Landbruksforvaltning, 697 869 tonn kraftfôr til Norge, meir enn dobbelt

Terningkast FEM i VG for Elise og mysteriet på hesteklinikken

Hest hest ! WOW!!! Les heile omtalen frå VG. UTDRAG: "Elise er en heltinne av det snille, ambisiøse og fornuftige slaget. Hun er hestegal og har allerede bestemt seg for at hun vil bli veterinær." "Siden forfatteren selv er veterinær finnes her også fagkunnskap å stole på. For snille hestejenter må boken være en drøm å lese." Les om prosessen med å skrive bøkene. Eg legg korta på bordet. Det er ganske slitsomt til tider, og til tider veldig gøy. Her finn ein alle bloggpostar om bøkene og prosessen med bøkene, skriving, media, fotos og det meste. For dei som vil lese meir om hestesjangeren, klikk her. Sjå promoen for Elise og mysteriet  Her kan du lese om då vi spelte inn promofilmen. Den fekk ein god del mediadekning også, så det var gøy!  Bøkene kan bestillast hos haugenbok på nett. Dei har dei også i bokhandlane, samt på Spar Sande, Viksdalen handel, Spar Bygstad og Spar Jølstraholmen, blant andre. Spør gjerne etter dei i bo

Elise og mysteriet - promofilm for bøkene er klar og ny bok er lansert!

Hestebøker: Hest, spenning og dyrlegepraksis. Ny bokserie av Anne Viken I denne spennande serien om Elise tar Anne Viken hesteboksjangeren til nye høgder! Om " Elise og mysteriet på hesteklinikken " Onkel Kalle har fått seg arbeid som veterinær på Trollskogen hesteklinikk, og Elise er lykkeleg over å få vere med han på jobb. Men i den gamle veterinærbustaden skjer det uforklarlege ting, og ute i praksis har Kalle alvorleg trøbbel med å gjere pasientane friske. Gamle Ylva påstår at ein spøkelsesdyrlege går gjennom gangane, og Elise forstår etter kvart at hesteklinikken skjuler langt meir enn sjuke hestar. les meir om bøkene: http://www.samlaget.no/nn-no/barn%20og%20unge/9-13-aar/elise-og-mysteriet-paa-hesteklinikken/innbunden.aspx Dei som har laga filmen: Klipp og regi: Oddmund Haugen Fjalerfilm Bak kamera: Jørn Nedrebø Stemme: Anne Viken Elise: Elisabeth Solheim Brekke Kalle: Reiel Haugland Kyr og fjøs: Torbjørg Grimsbø Eskeland Hund: Rex Kvit hest: Sur

Opera som motmakt: Vestlandets rolle aktualisert

To hundre år etter Guiseppe Verdis død, vert LaTraviata nytolka innanfor rammene av norske motkulturelle rørsler.  Sjå innslag om operaen på Dagsrevyen 20.august. Fotosession med Hulda som Violetta, iført bunaden til Anne Viken Opera er ein av dei minst sette og mest elitistiske kunstformene i verda, og muligens også den dyraste. Dette sa programleiar Sarah Montague i samtale med operasongar Thomas Hampson i BBC hardtalk 30.juli i år. Eg skulle ha likt å sett Montague på besøk på Åmot Operagard i Bygstad der operaoppsettinga i slutten av august problematiserer dei historisk distriktsbaserte motrørslenes kamp mot klassesamfunn, liberale og urbane verdiar. På denne måten kan opera ta del i samtidsdebatten.     Sunnfjordbunader akkompagnert av fôrhøstarar frå Taarup med beitande islandshestar bak gjerdet. På låven brakar indremisjonspredikantar saman med lokal bondekultur og overklasseluksus i årets nytolking av La Traviata av Guiseppe Verdi. Nytolkninga er e

Fjelltur med ny bok!

Elise og mysteriet på hesteklinikken er ute i butikkane. Kva er då betre enn å ta boka med på fjelltur? Boka har trass alt fokus på natur, folk og fe. Og naturen set rette rammer for innhaldet. Her er Elise på toppen av varden på Lisjehesten, Storehesten i bakgrunnen.     Elise på toppen av varden på Lisjehesten. For den som ikkje har vore på Lisjehesten, vil eg anbefale ein tur. Det er Sunnfjords flottaste naturperle. Varden på Lisjehesten i bakgrunnen. Oppe på Lisjehesten er eit fantastisk vatn. Her kan ein bade og grille.   På veg opp og ned må ein klatre elva. Det er ikkje så skummelt som det ser ut til, og dessutan er her eit godt festa tau ein kan halde seg fast i. Lat deg ikkje skremme av litt vatn. Berre ta det roleg.   På veg opp og ned frå Lisjehesten, går ein forbi vatnet under. Det er ein fin plass å bade, vatnet blir raskt varmt og der er fullt av rumpetroll og andre dyr ein kan studere. Her står Elise på land og er usikker p