Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2010

I Bjørnstjerne Bjørnsons kampånd

Utkast til min folketale på Bjørnsonfestivalen 31.august 2010, kl 15 i Alexanderparken, Molde. Eg leser også frå min boksingle XXX på Bjørnsonfestivalen kl 22.15-23, på Skybar Rica Seilet Hotell i Molde same dag. XXX kan kjøpes på nett eller hos Norli, Audiatur osv. Bestill XXX på nettet. I år er det hundre år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døde. Bjørnstjerne Bjørnson er med sin produktivitet og sitt utrøttelige arbeid for det han trur på, eit førebilete for meg som skribent og samfunnsdebattant. Vi opererer i dag i ei, vil eg tru, langt tøffare og meir kompleks medievirkelighet enn Bjørnson gjorde, og i den massive informasjonsflyten vi blir utsett for, er det ofte både vanskelig å nå gjennom og vanskelig å vite kva ein skal tru på eller ikkje av det ein får servert. Og medan Bjørnson var ei eldsjel på vegne av samfunnet i sine bidrag til debatten, ser dagens skribentar i stor grad ofte ut til å eksistere utelatande for å underhalde oss. Det er langt mellom dei oppeldnande sjelene

Dårlige argument mot utbygging

Utkantstrøk har ikkje argumentasjonen i orden i kraft og vindmøllesakene. Difor snakkar ein om turistar som ikkje vil komme, samt bygd mot by. Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det har også blitt ein debatt om bortskremte turistar. Lat oss vere realistiske: dette handlar ikkje om nokon av delene. Distrikts-Norge må ikkje redusere seg sjølv til turistområder og nasjonalromantiske utstillingslokale. Ein må ha betre sjølvtillit enn som så. Med dette meiner eg ikkje å sei ja til kraftlinje i Hardanger. Eg meiner å sei nei til den destruktiv «bygd mot by»-debatten. Hardangersaka handlar ikkje om bygd mot by, men om at unik natur møter problemstillingar knytt til moderne samfunnsutvikling. Det er dette ein må diskutere. Her har ein ein real mulighet til å diskutere klima, miljø og natur, ikkje krangle om bygd versus by. Ein må legge bort turistargumentet, og innover seg det faktum at dei

lurer på kvifor Morgonbladet vel Siri Martinsen til å skrive om kjøt og landbruk?

Eg har respekt for Siri Martinsens argumentasjon mot å ete dyr, men eg forstår ikkje kva Siri Martinsen har å gjere i ein debatt som skal lede fram til noko. Det er jo ikkje akkurat snakk om at folk kjem til å slutte å ete dyr. Martinsens synspunkt er heilt ok, men det er ingen fagmiljø som tek Martinsen på alvor, og hennar målsetning er så urealistisk at det blir uinteressant, men i sommar har ho skrive ein serie artiklar i Morgonbladet om dyr og matproduksjon og nei til kjøt og det som ho alltid skriv: gjentek seg sjølv til det kjedsommelige. Det er difor interessant å vite kvifor Morgenbladet vel å bruke så mykje spalteplass på dama. Den medielogiske konklusjonen ein kan trekke, er at det har vore sommar og agurktid, og mat er eit enkelt tema å sparke opp litt reaksjonar rundt, spesielt når ein har ein ekstremitisk og marginal skribent, som Martinsen jo er. Det er eit enkelt medielogisk argument, men det er vanskelig å forstå at Morgenbladet, som ønsker å halde eit høgt nivå, vel M

Myter om småskala landbruk og verdien av turistargumentet i kraftutbyggingsdebatten

eg tenkte innta eit distriktsperspektiv på fleire myter og problemstillingar som eg meiner heng saman, og tenkte snakke om myter rundt distrikts-Norge, myter som det står sterke interesser bak å oppretthalde og som ikkje nødvendigvis er til distrikts-Norges beste. Ei forvaltning av distrikts-Norge krev kunnskap og kompetanse, men ofte ser det ut til at ein legg meir vekt på myter enn fakta i forvaltningen av norske utkantstrøk. Eg vil ta opp fleire her med fokus på kraftutbygging og landbruk. Eg er utdanna dyrlege i Norge der vi alle er hjernevaska til å tru at Norge er verdas beste land for husdyr og produksjon av mat. Ingen tvil om at dette langt på veg er bullshit, tenker eg. Det er ikkje berre overgangen frå livet som journalist og skribent til livet som veterinär som er stort. Skilnadane på norsk og svensk landbruk er store. Langt större enn venta. Eg hadde kanskje håpa å finne ut at norsk er best, men må diverre sei at det ikkje alltid stemmer. Frå norske deltidsbönder viss v

Titte på kunst

Moderna Museet Malmø viser Gunvor Nelson, virkelig verdt å sjekke ut . Eg var der no sist veke, såg utstillinga Spektakulära tider. Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om det, men tja, vanlighet kan kvele deg, er vel ei oppsummering, og det eksklusivt spesielle kan også kvele deg. Livet er fasinerande, kvar dag er spektakulær, det spektakulære i det vanlige. Det vanlige er spektakulært er min konklusjon, og slik er det jo også i virkeligheten. Om du trykker på linken til Spektakuläre tider, klikk deg fram til bilde nummer tre: Madonnan med barnet. Kvalt? Eg synest det biletet er ganske fabelaktig. Det fortel oss ein heil del om konsumkulturen, om småbarnssuperidealet og den der kvardagen, sjølv om denne kvardagen som denne kvinna kanskje representerer, ikkje er den kvardagen som kjem til å ramle meg i hovudet: høgt utdanna med god økonomi. Eller tja, kanskje. Boksemat og støv kan jo ramme oss alle. Var også på Malmö konsthall og såg på nokre figurar av glas innsurra i tråd og blyan

Debatt om utkant og sentrum.

Trykk på bildet og det blir stort og leselig

Virkeligheten for Vestlandet driver kamptrening

Prolog: Dere skal drikke svart kaffe, sa Virkeligheten og red gjennom dalene. Feide Østlendingene ut av jarlesetene, og drev dem tilbake dit de kom fra. Vestlandet for Vestlendinger, sa den og ristet av dem overmakt og adelsmakt, og Østlendingene flagret som piska skinn gjennom skauen østover, de som overlevde. Kysten er flat og dekket av det som ligner sand. En vet ikke om det er sand. Det sies at kornene stammer fra tidligere tider, fra gamle folkeslags oppmaling av klippene. De kvernet klippene i småbiter om de stod i veien, kvernet dem opp og lot dem ligge ved havet. Det var ikke oss, sier Nabobygdingene. Vi er for små. Nabobygdingene er bare mennesker, men hestene deres er det noe rart med. Kampen om Hardanger. Når natten ligger tung, våkner Virkeligheten. Kom, maner Virkeligheten. Kom, roper den, og ponniene kommer. Vi sliper knivene, filer tennene, vokser hornene. Hvem vil vel ikke være så pen som deg, sier den til ponnien. Virkeligheten fra Vestlandet brisker se

Flukta frå agurkane

Denne kommentaren stod på trykk i Bergens Tidende söndag 15.august 2010. Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi. Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinär i Sverige, takka ja, donerte bort "Min kamp 1" til betre trengande, sa opp internett og la i veg. 31. mai 2010 ankom eg Sverige ett

Jävla austlendingar

Trykk på biletet og det blir stort og leselig. Det kan også lastast ned. Eg gjer obs på at der finst innredigert ein faktafeil i denne kommentaren. Då eg hadde 17.mai-taler var det ikkje magert oppmöte, men fulle hus. Min originaltekst er: NOKRE FÅ mötte ikkje opp fordi dei frykta eg skullle sette fyr på stakken deira. Dette har altså blitt redigert til MAGERT oppmöte. Forstå det den som vil.

Tresking av korn i Brålanda

Treskar korn, sett frå förarhuset på treskaren. Treskaren tömmer kornet oppi tilhengaren på traktoren. Treskaren ser ut som eit gigantisk saksedyr. Tilhengar full av korn. Tömmer kornet i törken der det skal törkast til det har fått riktig vassprosent/ vassinnhald. Foto AV

Tresking av erter i Brålanda

Dette er ein skurtreskar som treskar erter til matbruk. Her er to skurtreskarar. Dei ser ut som Star Wars-monster. Tomme erteskal etter at dei er ferdigtreska, eller tröska som dei seier her. Tröskaren tömmer ertene oppi tilhengaren. Ein tilhengar full av erter. Tömmer tilhengaren i lastebilen som köyrer ertene til fabrikken i Brålanda.

Vindmöller i Dalsland

Min bil .

Jävla austlendingar

Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen lördag 14.sept 2010. Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det var opprör, diktatorstyre og undergang i spaltane. Så snudde regjeringa. Hurra! Men eit spörsmål står igjen: kven skjönar seg på Vestlandet? Kven veit Vestlandets beste? Professor Iver B. Neumann snakkar om at motstanden mot utbygging finst i små sytesamfunn. Han har openbart ikkje fått med seg den massive motstanden som har vore mot dei såkalla monstermastene. Han skjönar oss ikkje. Han er for langt borte, närmare bestemt på det jävla Austlandet. Eg har sjölv ved fleire höve forsökt å forstå mitt eige fylke Sogn og Fjordane. Blant anna foreslo eg i 2007 å brenne bunader (endre fylkes image) med det resultat at fleire ikkje våga möte opp då eg skulle halde 17.mai-taler i tre sunnfjordsbygder og –byar dette året. Folk frykta for stakken. Lärdom: ikkje bruk

Å neeeei! Ikkje den evige debatten om bygd mot by no igjen!!!

Arvid Andenäs, banksjef i Sogn og Fjordane, har skrive nokre vettige ord. Bloggposten hans ligg her. Eg siterer direkte: "Utan eit oppegåande näringsliv over heile landet, heller ingen store leverandörar og kompetanseverksemder og verdiskapning i Oslo". Seriöst. MÅÅ vi virkelig ha det inn med teskei at både by og bygd er viktig i dette landet? Herre, fri meg frå dumskapen i debatten. Ein ting eg ofte her lurt på: naturvernaranes paradoks. Dei er nei til vindmöller og dei er nei til vasskraft (nei til rein energi). Dei er ja til naturvern og ja til rein kraft (nei til vindmöller og rein energi). Mange naturvernarar er, i likheit med ei rekke dyrevernarar, utan kunnskap om natur (dyr). Til gjengjeld renn dei over av usaklige fölelsar. Dyrevernarar er ofte ei gruppe for seg, og nokre gonger treff dei spikern, andre gongar bommar dei og drit seg ut og set heile dyrevernargruppa i vi-löfter-på-augnebryna-av-dykk gruppa kalt ekstremistiske tullingar som ikkje hadde venner för de

Bilder frå Sverige

På dette biletet ser du meg. På dei andre ser du det flate landskapet med korn og gardar. Trykk på bileta så blir dei större.

Forskningsdirektör ved Universitetet i Stavanger spreier faktafeil om ökologisk landbruk. Interessant/ pinlig/ komisk

I Stavanger Aftenblad har forskningsdirektör ved Universitetet i Stavanger gått ut med ei rekke grove faktafeil og påstander om ökologisk landbruk. Eg synest det er ganske grovt når ein forskningsdirektör på denne måten vel å fronte stygge faktafeil i media. Dette trur eg er nokre av dei grovaste faktafeila om landbruk eg har sett i media på ganske så lenge. Eg stiller meg undrande til at direktören ikkje har makta sjekke opp elementäre nettsider om ökologisk landbruk som ligg lett tilgjengelig på nettet. Eg stiller meg også undrande til at ein forskningsdirektör, som burde ha internasjonal forskningserfaring og som dermed også burde vere klar over at regelverk og krav varierer mellom land, vel å basere seg på ei amerikansk bok. Eg har nesten lyst til å spörre: kor naiv går det an å bli? Kanskje Bernt Hagtvedt har rett når han seier det går inflasjon i universitet i dette landet. Det kan kanskje faktabruken, eller faktafeiloverflommen, vitne om. Blant anna uttaler forskningsdirektöre

Ein eig ikkje skam når det kjem til kva ein presterer å servere langs norske turistvegar

Her frå Lavik-Oppedal ved Sognefjorden (ferjekaia på Lavik). Sognefjorden er visstnok ein turistattraksjon. Synd det står skrap som dette langs vegen. Sjekk den stygge skrifta og teksten (verdas beste hamburger). Skulle nesten tru heile oppstillinga her på kaien var ein parodi, men det ser dessverre ut som om dei faktisk er seriöse. Herre gi meg hamburgerstyrke. Les om Georg Arnestads matopplevingar i Solund her.

Debatten om økologisk landbruk

mine argumenter for kvifor økologisk landbruk, mellom anna, på dyrevelferdsfronten, per idag stort sett er ein merkevarebløff, kan du lese her https://twitter.com/anneviken . Det første argumentet ligg sist og så les du deg oppover.

Programmet for Björnsonfestivalen er klart

Det kan lastast ned her. Eg har fått den äre å halde folketale i parken 31.august. Det blir vel göy. Forslag til tema mottas! Eg skal også lese på kvelden 29.august. Omtalen av arr kan eg like: "Hvert år dukker det opp mange nye navn på litteraturscenen i Norge, og noen av dem peker seg ut med helt særegne stemmer og spennende litterære prosjekter. Vi har funnet fram til fire som vi mener du bør se opp for i årene som kommer: "Tina Åmodt fra Bergen, Berit Rødstøl fra Verma, Aina Basso fra Giske og Anne Viken fra Sunnfjord . Programleder er Guri Sørumgård Botheim, som selv gjorde entré med boka Ramstein pensionat sammen med søsteren Sigrid Sørumgård Botheim i fjor." Det er veldig göy å bli invitert til å lese i så godt selskap. Gledar meg! .