Gå til hovedinnhold

Jävla austlendingar

Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen lördag 14.sept 2010.



Debatten om Hardanger har blitt eit spørsmål om sentralmakta si overkøyring av lokaldemokratiet enn spørsmål om kraftlinjer. Det var opprör, diktatorstyre og undergang i spaltane. Så snudde regjeringa. Hurra!


Men eit spörsmål står igjen: kven skjönar seg på Vestlandet? Kven veit Vestlandets beste?

Professor Iver B. Neumann snakkar om at motstanden mot utbygging finst i små sytesamfunn. Han har openbart ikkje fått med seg den massive motstanden som har vore mot dei såkalla monstermastene. Han skjönar oss ikkje. Han er for langt borte, närmare bestemt på det jävla Austlandet.

Eg har sjölv ved fleire höve forsökt å forstå mitt eige fylke Sogn og Fjordane. Blant anna foreslo eg i 2007 å brenne bunader (endre fylkes image) med det resultat at fleire ikkje våga möte opp då eg skulle halde 17.mai-taler i tre sunnfjordsbygder og –byar dette året. Folk frykta for stakken. Lärdom: ikkje bruk for mykje ironi og metaforar når du talar til sunnfjordingane. Dette hadde eg ikkje forstått. Eg forstår altså ikkje vestlendingar.


Ein skal ha sjölvtillit for å tåle og bli hersa med. Eventuelt har ein i vest fått godt nok av å bli styrt av det som i omtrentlige ordelag vert omtala som betrevitarar, teoretikarar samt natur- og livsfjerne byråkratiske pampar i den stilleståande Oslogryta (som ligg på det jävla Austlandet). Kven veit. Her krevst ein analyse.

For å vere ein real Sogn og Fjording skal du elske alt som er lokalt. Unik låveopera, vakker natur, vegar smale som sytråd og samfunn så små at dei kun er synleg med lupe. Du skal vere patriotisk. Dette inneber å vere positivt innstilt til alle uökonomiske små amatörforetak som forsöker å livnäre seg på atter ein konkurstilpassa turisttiltak. Du skal akseptere at ein eller anna lokal turistnisse har omdöpt Dalsfjorden til Vikingfjorden med det resultat at tre turistar tar båten frå Dale til Bygstad kvar dag for å ete pizza. Du skal jamre og syte over vegar tunne som sytråd og lokalsjukehus som blir lagt ned, internett frå steinalderen og idiotiske austlendingar. Helst vil vi sprenge laus heile fylket ved fylkesgrensa, men vi er for få. Det ville tatt for lang tid å plassere ut all dynamitten. Difor er vi fortsatt med og vi hatar det. Jävla austlendingar.

Men medan eg her i Oslo må vente timesvis på legevaktas steinharde benkar for å kome til legen, kan eg heime i Gaular kommune kome til legen direkte utan ventetid. Medan eg her i Oslo må tåle leigeprisar så höge at eg ikkje har råd til bil, er vegane i Sogn og Fjordane så smale at der knapt er plass til den bilen ein faktisk har råd til fordi tomta var gratis. Medan internett i Oslo er glimrande, er internett i den Senterpartistyrte kommunen Gaular så dårlig at eg må reise til Oslo for å jobbe, eventuelt bruke internett i fjösen ifört termodress. Dette er eit mangfaldig liv som krev ei rekke tilpasningar frå humane organismar som vel å leve lokalt. JÄVLA AUSTLENDINGAR!

Forutan östlendingar er det andre problemet vårt Senterpartiet (Sp). Fylkets villaste minister og dårlegaste merkevare er Liv Signe Navarsete (Sp). Ei krakilsk dame som avfeier ein kvar debatt som strir mot Sps andelege hegemoni til å definere og såkalt kjempe på vegne den norske bygda. Sp har diverre utpeikt seg Sogn og Fjordane som sitt erketerritorium, og Navarsete er ei dame som arbeider hardt for å få bygda til å framstå som overkjört av den totalitäre makta på Östlandet. Hadde ein ikkje visst betre, kunne ein tru at Oslofolket hadde forsökt å bombe ministerens heimbygd Lärdal.

I september 2009 presterte forskningsleiar ved Högskulen i Sogndal, Georg Arnestad, den frekkasen, å sei at Sogn og Fjordane taper i forhold til nabofylka på Vestlandet fordi fylket har for mange bondepolitikarar som er opptekne av livet på landsbygda. Navarsete gjekk frå konseptene og kalte Arnestad ein gretten gamal gubbe. Arnestad hadde tidlegare gått så langt som å kalle den bebrilla frua frå Lärdal for ei talemitraljöse. Deretter gjekk eg sjölv frå vetet og uttalte ”Död over Senterpartiet” (januar 2010). Dette slo avisa Firda stort opp. Avisoppslaget sette meg i umiddelbar livsfare (viser til manglande lokal forståelse av metaforbruk).

Spörsmål: forstår Navarsete seg på Vestlandet?
Svaret er nei.

Der finst utvilsamt gode grunnar til å meine at vestlendingar syt. Det finst utvilsamt gode grunnar til at vestlendingar syt. Forstå oss den som vil, men ein ting er sikkert. Det er ikkje berre hardt, det er beinhardt å vere vestlending.

Jävla austlendingar. Eller noko. Hjelp oss med dynamitten.

Anne Viken

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys