Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 1, 2008

Kritisk journalistikk er ikkje det same som negativ journalistikk. og NRKs innlegg i dagens BT er ... ja

Innlegget frå NRK i Bergens Tidende (BT) var kort sagt litt, ja.. NRKs siste innlegg i BT osar av dårleg sjølvtillit og defansiv haldning. Les berre dette eksempelet av ein kommentar som er henta frå min kronikk i Klassekampen om dei sløve lokalmediene, og dette svaret viser at ja, dei har heller ingen debattkultur, sjølv på lederplan: (det er henta frå at Haugsbø kritiserer mangelen på gravekultur i sogn og fj-mediene) – Haugsbø har alltid hatt eit godt og tydeleg sjølvbilete. No har han i tillegg budd fleire år i hovudstaden, og då kan vi ikkje forvente at han skal ha respekt for kollegaer i mindre redaksjonar i Utkant-Noreg, svarte redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen. Kva er dette slags utspel? Det går ikkje utover den godt etablerte Haugsbø, sitatet smeller som ein bomerang tilbake på NRK. Kva slags haldingar er det mediehuset i Førde frontar? Sitat som det Sanne-Gundersen frontar er ikkje direkte positivt imagebyggande. Les Hilde Sandviks kommentar