Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 16, 2010

17.mai-tale maraton

Eg deltar på 17.mai i Førde som hovudtalar ca litt før klokka 13.00, taler på Haukedalen klokka 20.00 og på Viksdalen klokka 21.15. Dette blir spennande. Eg takkar for tilliten. Talene blir lagt på nett i etterkant her på bloggen. .

Min 17.mai-tale på Haukedalen 2010

Kjære Haukedølingar. Gratulerer med dagen. Takk for invitasjonen. Det er ei ære å vere her i dag. Sist eg var her var i 1980. Det begynner å nærme seg 30 år sidan. Les 17.mai-talen min frå Førde 2010 her. Les 17.mai-talen min frå Viksdalen 2010 her. I dag på 17.mai som på alle andre dagar er naturen og magien her i Sunnfjord sterk. Vestlandet er dramatisk i all si prakt, og dramatisk i alle sine historier om menneske og møtet med naturen. Naturen forandrar seg ikkje. Vi kan stå her og sjå føre oss budeiene i fjellheimen for hundre år sidan. Dei gjekk gjerne på dei same stiane som vi brukar idag. Sat på dei same stølsvollane. Men på same tid som naturen i stor grad er den same, bortsett frå ein del ekstra skog vel å merke, fjella står der, så skjer forandringane i vår tid lynkjapt. Eg skal ta ei historie. For ei tid tilbake stod verdas veksande byar overfor eit problem som syntes heilt uløyselig. Altfor mange menneske skulle hit og dit, trafikken blei for stor for gatene og