Sjå talen frå Førde Live             Les også min 17.mai- tale 2010 frå Viksdalen   Les min 17.mai -tale 2010 frå Haukedalen.      Talen frå FØRDE:    Gratulerer med dagen Sunnfjordingar!           Takk for invitasjonen. Det er ei ære å  stå bli invitert hit i dag. Dette er første gongen eg feirer 17.mai her i  Førde og det er sjeldan eg ser så mange sunnfjordingar som dette på   såpass nært hald.      -     Det er flott å feire nasjonaldagen  midt i mai månad. Månaden som er oppkalt etter den romerske  fruktbarheitsgudinna Maia, beskyttar av veksten. Dei gamle nordiske  namna på mai er Blomstermånaden  Såmånaden  Gaukemånaden.     -   I  dag som på alle andre dagar er naturen og m agien her på  Vestlandet sterk. Vi har elver som kastar seg utfor steile berg og  hamrar, vi har speglblanke vatn der ein kan fiske etter auren, vi har  elveosar og skodde som ligg tett over vatna oppi heiane der det er meir  sannsynlig at du møter eit troll enn andre folk.       Vestlandet  er dramati...