Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 23, 2008

Den ubrukelege nynorsken 3

Ein anna ting eg tenkte på, er at nynorskfolket ofte trekk fram folk i NRK som store førebilete for språkbukarar på nynorsk, medan dei rakkarned på oss som er i avis og beskuldar oss for å dumpe språket fordi vivil ha ei karriere. Det er svært motstridande,men bekreftar også minpåstand om at det er skriftspråket som er problemet. Vi som skriv bokmål snakkar jo oftast dialekt eller ganske nynorsknært. Vi klarer å snakke men ikkje nødvendigvis å skrive korrekt nynorsk. Dei som snakkar på lufta i NRK slepp tenke på rettskrivinga, og det mange ikkje veit, er at dei fleire gonger les opp frå bokmålsmanus. Det påpeika blant anna eit av ankera ein gong eg intervjua han. Eg spør meg igjen: kor mykje veit nynorskgeneralane om det praktiske liv?? Eg har motteke fleire mail og sms etter innlegget om nynorsk (sjå Den ubrukelege nynorsken 2 to bloggpostar lenger nede her). Blant anna frå ein professor som skriv dette: " alminnelige mennesker velger ikke skriftspråk ut fra ideologiske eller mor