Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 25, 2011

Angsten for at frilansforfattarane skal utslette bygda

Eg drikk brennevin og tek ein pause i flåinga av den sjølvdaua gampen. Publisert i Bergens Tidende i januar 2011. «Etter kvart som dei idylliske småbyane fyllest av glasblåsarar og frilansforfattarar med sikre utsikter for solide farsarvar vert dei lokale fyrstegongsetablerarane pressa inn mot dei større byane der husprisane ligg langt under det halve,» skriv bygdeforskar Bjørn Egil Flø i Bergens Tidende 16.januar i år og frykta spreier seg på bygda. «Dei som er igjen i lokalsamfunnet no, (...) er enten helselause, gamle eller nyrurale som knapt evnar anna enn å lese romanar». Med skrekk og advarsel blar folk i avisa. Tenk om dei kjem hit, kviskrar dei rundt kjøkkenborda. Ein vågar knapt sei ordet høgt: frilansforfattar. Ikkje nok med at dei har ubrukelege utdanningar, dei kan til og med skvise oss vekk. Personar som verken kan kastrere reinsdyr med tennene, byte motor på ein traktor eller slå inn tryner på naboen med kølle på ein skikkeleg fest. Som berre kan teori, ikkje prak