Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 17, 2011

Det er billeg å vere blond - i Sverige!!

Alle snakkar om harryhandel, om å reise over den berömte grensa til Sverige, eit land dei fleste knapt verkar ha vore i. Det er trass alt ikkje Sverige ein reiser til. Ein reiser til storbyane, til Berlin og New York, og om du er yttterst politisk korrekt: Hellas. Alle snakkar om kor billeg Sverige er. Eg bur tilfeldigvis i Sverige, 5 månader ifjor og no nokre månader i år, og det er ikkje så billeg her. Maten i ICA og Tempo-butikkar er ganske dyr. Lat meg ta eit eksempel frå Ica her: 1 liter melk kostar på Ica her: 13,70 kroner. Kremflöyte: 9,40 kroner. Aftonbladet 12 kroner, 1 liter tropisk juice: 13,90 og ein pose (ekle) kanelbollar (bakt i dag): 26,90. Å klippe seg på Nikita i Östersund, kosta for meg (dame, langt hår) 450 kroner. Dette var ganske billeg. För har eg betalt 600 svenske i Mellerud for klipp og striping. Det er definitivt billegare å vere blondine her enn heime. Så kva med litt harry-hår-handel? Ta heile familien din over grensa, klipp og farg håret: spar masse