Gå til hovedinnhold

Det er billeg å vere blond - i Sverige!!

Alle snakkar om harryhandel, om å reise over den berömte grensa til Sverige, eit land dei fleste knapt verkar ha vore i. Det er trass alt ikkje Sverige ein reiser til. Ein reiser til storbyane, til Berlin og New York, og om du er yttterst politisk korrekt: Hellas.

Alle snakkar om kor billeg Sverige er. Eg bur tilfeldigvis i Sverige, 5 månader ifjor og no nokre månader i år, og det er ikkje så billeg her. Maten i ICA og Tempo-butikkar er ganske dyr.

Lat meg ta eit eksempel frå Ica her:

1 liter melk kostar på Ica her: 13,70 kroner. Kremflöyte: 9,40 kroner. Aftonbladet 12 kroner, 1 liter tropisk juice: 13,90 og ein pose (ekle) kanelbollar (bakt i dag): 26,90. Å klippe seg på Nikita i Östersund, kosta for meg (dame, langt hår) 450 kroner. Dette var ganske billeg. För har eg betalt 600 svenske i Mellerud for klipp og striping. Det er definitivt billegare å vere blondine her enn heime. Så kva med litt harry-hår-handel? Ta heile familien din over grensa, klipp og farg håret: spar masse pengar. Det er nemleg ikkje maten som er det billegaste her borte, sjölv om det verkar som om det er det media trur. Men dei färraste norske journalistar har nok vore i Sverige, om ein skal tru mediedekninga.
 
Ein annan ting med Sverige er bibliotekordninga. Kvar gong nokon låner ein forfatters bok på biblioteket, så får forfattaren 133 öre for det. Sverige er eit anna land, rett og slett.
 
Sjekk bensinprisane her. Igår fylte eg bensin på min Saab for 14,05 kroner litern. Eg kjöpte ei t-skjorte på HM. Den kosta 99 SVK, eller 79 NOK. Dvs iforhold til svensk lön er t-skjorta langt dyrare her enn den ville vore på HM i Norge.
 
Men så tjener dei også mykje dårlegare her enn heime. Eg skal kome tilbake med meir informasjon etterkvart.
 
Dei som vil ha billeg mat, vil dei også ha svenske bensinprisar, svenske löner eller svenske HM-prisar?
 

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...