Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2012

Veterinærar i samfunnsdebatten - innlegg frå debatten De tause veterinærane

Å delta i samfunnsdebatten krev som Marie Modal, (president i Veterinærforeningen) nevner at ein er villig til å problemorientere og spissformlere seg og peike på konflikter. Det krev at ein skriv noko som er interessant på ein måte som er leselig. Ingen av oss hadde gidda lese ei bok utan hendingar. Debattomtalen. Vil synliggjøre veterinærene: sak om debatten i Nationen. Det er problemstillingar som gjer noko interessant. Ein kan ikkje klage på at Aftenposten ikkje trykker ein reint informativ artikkel som ikkje diskuterer, ikkje tar stilling og ikkje problematiserer. Ein slik artikkel høyrer ikkje heime i Aftenposten. Den er uinteressant. Skal ein delta i debatt, må ein våge å ta stilling. Tittelen på kveldens debatt er dei tause veterinærane. Men veterinærar finst i media. Norges mest kjende veterinær, Trude Mostuen, meiner ingen bør få unger uten å ta minst to tre års perm per unge. Mostue er i underhaldningsbransjen, dansar på tv og vekker latterbrøl hos kultureli

Last ned mi kortprosasamling XXX

Den ligg tilgjengelig her.

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar stadig f

Kyr over hovudet

"God dyrevelferd er et mål i seg selv, og er et gode for samfunnet og konkurransefortrinn for norsk landbruk," kan vi lese i einpresentasjon av landbruksmeldinga hos Landbruks og matdepartementet. Norge er verdsmeiser i dyrehald, ifølge oss sjølv. Dyrevelferden er vårt konkurransefortrinn. Ei lang rekke andre land påstår nett det same. Blant andre Sverige. Men sjølv verdsmeistrar har sine problem, blant anna er skalaen på melkebruka på veg oppover. I sjølvutnemd verdsmeister Sverige er beitekravet sonedelt. Fire månader i sør, tre i mellom-Sverige og to i nord. Men alt er ikkje rosenraudt sjølv om verdsmeister Sverige slår verdsmeister Norge ned i støvlane (vi har ut året null beitekrav for kyr i lausdrift). I verdsmeisterlandet Sverige motarbeider organisasjonen Sveriges Mjölkbönder det svenske beitekravet.    Per Andersson, ordförande i interesseforeningen, argumenterer med at melkekyr har det best inne. ( Sveriges Radio Ekot (9.juni 2009 ) Mjölkbönderkritiska mot

Den store imagestrabasen - min artikkel om distriktsmarkedsføring frå Syn og Segn

Marknadsføringa av Sogn og Fjordane er i ferd med å gå frå politisk basert motkultur til kommersiell og motstandslaust medkultur.  Av Anne Viken Setting: Datoen er 17.februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Forventningar om kva fjordfylket kan tilby oss svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. “Framtidsfylket” 1 har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entrepenørar iVestlandetets fråflyttingsfylke nummer ein. Næringslivsstanden er kledd opp i flattbrød og fingermat frå havet. Året er 2009. Metoden er populisme. Bæ bæ store ulv Klokka seks syng studentkoret Lerken frå Universitetet for Miljø- og biovitenskap (UMB) om sild fo

Verdas vakraste pensjonistreise/ engelske turistar på hurtigruta

På min veg til Kirkenes går eg ombord på hurtigruta i Tromsø. Tromsø har stort, nytt glasbibliotek i fleire etasjar, ishavskatedral og rådhus der lysa blinkar i takt i lyshow oppover i etasjane når kvelden sig på. Tromsø har også eit livlig uteliv, og eg fekk ei detaljert innføring i byens nattklubbar av ei dørvakt eg møtte i mi jakt på fiskemat. Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord. Eg deltok med andre ord på verdas vakraste pensjonistreise, og etter kort tid sat eg linja opp framme på dekk blant ei lang rekke andektige pensjonistar. Sjå på dei små gardane, seier ein engelsk turist når vi er på veg ut frå Tromsø. Små gardar ligg nede i strandkanten under tett skog og bratte fjellsider. Bur her verkeleg folk? Og har dei veg? Ein heil flokk engelske turistar lener seg mot ruta i panoramasalongen og deltek aktivt i jakta på ein veg. Jo, sanneleg. Det ser ut som om det er ein veg der inne mellom trea, utbryt den eine. Resten av

Russland - ikkje for pingler

"How are you?» Det er Kelly, sjef for tolv krabbetrålarar under russisk kommando, som er på tråden. «Vi er i Oslo i kveld», seier han. «Vil du bli med ut og ete?» «Yes», seier eg og set meg på første trikk. Kelly er ingen trøytt Blinderntype. Han er ein real krabbefiskar med jobb på Barentshavet og hamn i Kirkenes. LÆRER SEG KNEP Første gong eg møtte Kelly, var i 2007 under ein fotoseanse med ordførarkandidat, og seinare ordførar i Sør-Varanger, Linda B. Randal (Ap) på kaia i Kirkenes. Kelly heisa meg ned i lasterommet på trålarane, viste fram krabbefabrikken og dei tronge lugarane, kjøkkenet og krabbeteinene som tårna seg opp på dekk. Året etter kom eg tilbake, og vi festa på Kirkenes-dagane saman med mannskapet. Igjen sat vi i dei tronge lugarane og drakk russisk te. «Men no sender russarane oss heim til USA», seier Kelly der vi sit benkja med kvit duk på Aker brygge eit halvt år seinare. «Russarane har lært seg knepa og kan fiske opp kongekrabbene sine sjølve. Dei treng o

En nasjon av kjøtthuer

Svenn Arne Lie er ute med bok: Hvorfor sulter én milliard mennesker i en verden som produserer mer mat enn noen gang? Er norske bønder ulønnsomme parasitter med sugerør ned i statskassa? Hvorfor spiser vi fire ganger mer kylling enn vi gjorde for 20 år siden? Hvorfor sulter én milliard mennesker i en verden som produserer mer mat enn noen gang? Er norske bønder ulønnsomme parasitter med sugerør ned i statskassa? Hvorfor spiser vi fire ganger mer kylling enn vi gjorde for 20 år siden? I En nasjon av kjøtthuer gransker forfatterne myter om norsk landbrukspoltiikk. Dette er en bok om noe av det mest grunnleggende ved livene våre: maten. Bestill eller les meir om boka

Skrivetips: teikn handlinga.

Slik ser sunn og etisk mat ut

Villsauene til Hilde Buer lever ute heile året på øya Grønenga i Florø. Villsauer from anne viken on Vimeo . Vite meir om korleis sunn og etisk mat blir til? Sjekk ut: Villsauboka.