Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 18, 2009

Kva medias redaktører kan lære av forlagsredaktørane

... og så var greia den at eg heile mitt liv har hatt lyst til å skrive bok. Og mens eg tenkte på at det hadde vore gøy å skrive ei bok, begynte forlaga å ringe meg. Dei hadde lest mitt sinn. Eg utstråler tydeligvis "bokmanus", og etterkvart har ca åtte forlag tatt kontakt. Hyggelig, meget hyggelig, og det er trivelig og alt det der. Ein kan i fred og ro velge seg ein redaktør, og i fred og ro drikke forlagskaffe, ikkje alltid like god kaffe men dog kaffe, og prate om ting som ikkje finst og som ikkje skjer, og som rett og slett berre er fantasi og tull og vas, og det er kjempemorro, og du kan sette deg ned og berre skrive ned alt mulig rart som du kjem på, og mekke historier og folk og plott og settinger, og du får til og med penger for det. Det er heilt surrealistisk, og heilt ubegripelig morro for ein geek som kun har lyst til å skrive lange tirader av ord, som digger vampyrer og krim og bygda og byen og helst vil vite absolutt alle intime og uintime detaljer om absolutt a

Den store imagestrabasen - essayet om markedsføring frå Syn og Segn i si heilhet

Marknadsføringa av Sogn og Fjordane er i ferd med å gå frå politisk basert motkultur til kommersiell og motstandslaust medkultur.  Av Anne Viken Setting: Datoen er 17.februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Forventningar om kva fjordfylket kan tilby oss svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. “Framtidsfylket” 1 har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entrepenørar iVestlandetets fråflyttingsfylke nummer ein. Næringslivsstanden er kledd opp i flattbrød og fingermat frå havet. Året er 2009. Metoden er populisme. Bæ bæ store ulv Klokka seks syng studentkoret Lerken frå Universitetet for Miljø- og biovitenskap (UMB) om sild for fred for al