Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember 14, 2008

Kingcrab-captains visiting Oslo

Torsdag ringte Kelly meg. Kelly er ein amerikansk kongekrabbefisker (kaptein på ein russisk krabbetrålar) som eg vart kjend med i Kirkenes i 2007 og traff att same stad i 2008. No var han i Oslo ein dag medan han og to andre kapteinar venta på flyet som skulle ta dei heim til jul i USA. Etter mange år med krabbefiske i Alaska, vart han sjef for tolv russiske krabbetrålarar. Båtane ligg til havn i Kirkenes store delar av året, her lossar dei og vaskar utstyr blant anna, og resten av året fiskar båtane etter krabber i Barentshavet. Investoren som eig båtane held til i St Petersburg, medan mannskapet på båtane er russarar. From DN bilder nordområdene Årsaka til at Kelly kom til Kirkenes/ Russland, er russarane si manglande erfaring med fiske etter kongekrabber. Krabben vart sett ut utanfor kysten av nordvest-Russland på sekstitalet og er no i ferd med å spre seg langs norskekysten. Den er dermed ein ganske ny ressurs for nordmenn og russarane, medan amerikanarane har langt historie me