Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 5, 2010

Løgnaktig Tine-reklame i magasinet igår

Ny løgn. Her vert det hevda at Tines kyr har 8 vekers sommarferie. Dette er usant. Kyr i lausdrift i Norge, har ingen krav på sommarferie.

Blank løgn på melkekartongar.

Her hevdar Tine at alle deira melkekuer har rett til åtte vekers ferie. Dette er løgn. Kun kyr på bås har krav på dette. Kyr i lausdrift har ikkje krav på utegang i Norge.

Løgnaktig Tine-reklame er god og sann reklame, meiner Tine sjølv

Les saka på Nationen.no her. Blogger og veterinær AViken vs Tine, den melkefine. Tek imot bilder og info om Tines reklamekampanjer, bla bilder av div melkekartongar. viken.anne att gmail.com eg skal faktasjekke materialet. Har fått ei rekke tips med klare faktafeil i. Det overraskar meg ikkje at Tine sjølvsagt seier at reklamen er sann. Kva anna kan dei sei? Dei kan ikkje tilstå, eller gå ut med, kor feilaktig det er, kor smekk full av faktafeil reklamen er. Kanskje veit dei det ikkje sjølv ein gong. Avstanden frå Tines kontor til norske bønder er stor. Større enn kva godt er. Dei unnlet sjølvsagt å kommentere videoen dei har lagt på nettet. Denne videoen som minnar meir om eit folkeeventyr enn norsk landbruk i 2010. Eg spør meg om Tine veit dette, eller kanskje dei trur, der dei sit og tel pengar og brygger falske merkevarer, at det er slik norsk landbruk er? Eg blir ikkje forundra. Kunnskapsløysa verkar vere stor. Eg venter spent på kor langt Tine er villig til å gå i løgn på vegne