Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 3, 2008

Lappland

Buss frå Kirkenes til Ivalo. Eit av problema her i nord, er infrastrukturen , og det merka ein på vegen til Ivalo. Det var ekstremt humpete, humpidump og i full fart. Dermed vart det bråstopp då denne rakkaren, eller reinen som det heiter på godt norsk, fant på å stå midt i vegen. Det er veldig tundraaktig landskap her oppe. Den sibiriske taigaen starter i Sør-Varanger, i Pasvikdalen. Utrulig flott landskap. Eg forestiller meg at her bur troll og tusser, men det gjer det sikkert ikkje. De tusen sjøers land, absolutt, men fakta er at her er 187 888 sjøar (!!!) her. Det er utrulig vakkert. Finland har litt over fem millionar innbyggarar, og har ei befolkningstettheit på 17 personar per kvadratkilometer. Her i nord er det enda mindre, her er langt mellom husa, og dei husa som er, ligg spreidd. I sør av Finland er det 130 personar per kvadratkilometer, mot ti i nord. Her stansa bussen, ved Sevetin Baari, ein bar/kafe/butikk langt ute i ødemarka. Det minna meg faktisk litt om pubane langs